Behandling
Habilitering - Mistanke om demens hos voksne i målgruppe for habilitering
I utgreiing av demens hos personar med utviklingshemming er det viktig at endringar vert sett i samanheng med pasienten sine tidlegare kognitive og fysiske funksjonar. I utgreiinga vert funksjonsfall og moglege årsaker til dette kartlagt.
Personar med utviklingshemming kan ha noko høgare risiko for å utvikle demens. I tillegg ser ein auka førekomst på grunn av auka levealder og auka merksemd på demens i denne gruppa. Personar med Downs syndrom er spesielt utsette for å utvikla Alzheimers demens frå ca. 50 års alder.
Kjenneteikn for demens kan være vanskar med minne, merksemd, konsentrasjon, språk, problemløysing, initiativ, trøyttleik, tempo, orienteringsevne eller humørsvingingar. Hos personar med utviklingshemming er ofte dei fyrste symptoma reduksjon i daglege ferdigheiter og nedsett orienteringsevne. Hos personar med Down syndrom kan nyleg oppstått epilepsi også være eit tidleg teikn.
Nærpersonar som følgjer opp personar med utviklingshemming, har ei viktig rolle med å oppdaga endringar og teikn på funksjonsfall. Årleg kartlegging med kartleggingsverktøyet "Tidlige tegn - funksjonsfall og sykdom" er tilrådd for å fanga opp endringar over tid. Slik kartlegging bør første gang gjerast ved 30 års-alder for personar med Down syndrom, med årleg oppfølging frå 40 års-alder. For andre med utviklingshemming tilrår vi slik baseline-undersøking av ferdigheiter og kognitiv funksjon når personen er mellom 40 og 50 år.
Ved funksjonsfall og mistanke om demens bør du saman med nærpersonar bestilla time hos fastlege. Det er viktig at fastlegen din får opplysningar som kan leggjast ved tilvising til Habiliteringstenesta.
Personar med utviklingshemming med mistanke om demens skal som hovudregel utgreiast i spesialisthelsetenesta, fortrinnsvis i Habiliteringstenesta. (Jfr. Helsedirektoratet: Nasjonal faglig retningslinje for demens Kap. 7)
Før
Det kan vera komplisert å skilja symptom ved demens frå andre tilstandar som t.d. psykiske lidingar og åtferdsendringar som kan skuldast tilhøve i miljøet. Vi kartlegg funksjonsfall og moglege årsaker til dette.
Kartlegging blir hovudsakleg gjort gjennom intervju av nærpersonar og observasjonar i heimemiljø eller på arbeidsplass. Det er viktig at informantane har kjent deg over lengre tid.
Under
Det er ei utfordring at testar som vanlegvis blir nytta ved diagnostikk av demens i allmennpraksis, oftast er ueigna hos personar med utviklingshemming. I Habiliteringstenesta si utgreiing blir det nytta verktøy som er tilpassa denne målgruppa. Vi kartlegg kognitive funksjonar, funksjonar i dagleglivet og om det har skjedd endringar i seinare tid. Vi gjer også kartlegging av psykisk helse.
Dersom konklusjonen frå vårt diagnostiske arbeid er sannsynleg demens, blir medikamentell behandling vurdert.
På bakgrunn av gjennomført kartlegging gir vi råd om tilrettelegging i bustad og andre tilbod, i samarbeid med kommunale tenester.
Etter
Etter avslutta forløp i spesialisthelsetenesta vert ansvaret for vidare oppfølging overført til fastlege og kommunale tenester.
Ved nye behov eller dersom det vert aktuelt å vurdere tiltak som gjelder bruk av tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9, kan ny tilvising sendast til Habilteringstenesta.
Kontakt
Habilitering
Habilitering
Kontakt Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
- I dag 08:00 - 15:00