Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

ECT-behandling

Elektrokonvulsiv terapi (ECT)

Elektrokonvulsiv terapi (ECT) er ei trygg og godt etablert behandling ved alvorlege depresjonar. Ved ECT utløyser vi eit kontrollert epileptisk anfall ved hjelp av elektrisitet påført mot hovudet. Behandlinga skjer i narkose.

Elektrokonvulsiv behandling blir brukt fordi den verkar raskt og er svært effektiv når behandling med legemiddel ikkje har vort tilstrekkeleg eller der behandling med medikament ikkje er anbefalt (for eksempel på grunn av besværlege biverknader). 

Effekten blir også vurdert ved andre psykiske lidingar som mani og nokre former for schizofreni. Ved alvorleg depresjon som kan vere prega av næringsvegring, sjølvmordsfare og vrangførestilling, bør behandling med ECT vere eit førsteval. Dette gjeld også depresjonar ved høg alder.

Elektrokonvulsiv terapi består ofte av 6-12 behandlingar. Behandlinga er frivillig og du må gi skriftleg samtykke til at behandlinga skal gjennomførast.

Tilvising og vurdering

Det er lege eller psykologspesialist som vurderer om ECT kan vere ein god behandling for deg. Tilvisinga blir prioritert av lege som vurderer om du får tilbod om behandling eller ikkje.

Før

ECT blir utført i narkose. Før behandlinga må du derfor gjennom ei generell medisinsk undersøking. Har du andre sjukdommar som hjerte-/lungesjukdom, kan det vere aktuelt å ta ekstra prøvar og røntgenundersøkingar. Undersøkingane kan gjerast poliklinisk eller mens du er innlagt på sjukehus. 

Faste

Før ECT må du faste. Det inneber at du ikkje skal ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før behandlinga. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før behandlinga. Inntil 1 time før ECT kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

Under

Sjølve behandlinga varer i nokre minutt imens du er i narkose, og skjer ved at vi utløyser eit kontrollert epileptisk anfall ved hjelp av elektrisitet påført mot hovudet. Du blir fulgt av helsepersonell før, under og etter behandlinga.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Etter

Dei fleste ønsker å kvile eit par timar etter at dei har fått ECT-behandling. Du får utfyllande informasjon om dette underveis.

Etter endt behandling planlegg vi vedlikehaldsbehandling og førebyggande tiltak for å hindre at du får tilbakefall. Vedlikehaldsbehandlinga kan bestå av samtaleterapi, medikamentell behandling, oppfølging i kommune og hos fastlege, og/eller ny behandling med ECT.

ECT kan gi vanskar med minnet i tida under og etter behandlinga. Det er individuelle forskjellar i grada av biverknadar av ECT. I nokre tilfelle kan ein få meir langvarige problem med minnet. Det kan vere at ein gløymer enkelte personlege minne. Dette gjeld særleg minne frå vekene og månadane før og under ECT-behandlinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Psykisk helsevern, Haugesund

Kontakt Psykisk helsevern, Haugesund

Oppmøtestad

Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.

Biologiske behandlingsformer (BBF) held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.