Behandling
Habilitering - Autismespekterforstyrrelse hos barn og unge
Det er store individuelle forskjellar med omsyn til utviklinga til barn. Likevel er det nokre forventingar til kva barn vanlegvis lærer på ulike alderstrinn. Når eit barn ikkje utviklar seg som forventa med tanke på samspel med andre menneske, språkutvikling, læring og sosiale ferdigheiter, og det vekker bekymring hos foreldre, fastlege, barnehage eller skule, kan barnet bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) for utgreiing med tanke på autismespekterforstyrring (ASF).
Før
Før du kjem med barnet ditt eller ungdommen din til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om barnets eller ungdommens utvikling og funksjon når det gjeld:
- språk, leik og samhandling med andre
- bevegelse/motorikk
- dagleglivets aktivitetar (slik som eting og påkleding)
- søvn
- fritidsaktivitetar
- tidlegare sjukdommar
Barnets eller ungdommens høyrsel bør vere undersøkt av spesialist før utgreiing i HABU. Vi ønsker at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Undersøkingane hos lege kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel shorts og ei ermelaus trøye.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, testar, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel psykolog, vernepleiar og lege.
Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til føresette og til den som har tilvist.
Kontakt
Habilitering
Habilitering
Kontakt Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
- I dag 08:00 - 15:00