Svar på prøvar
Prøvesvar blir sendt frå laboratoriet til rekvirenten (legen som har bestilt prøven). Det er behandlande lege som informerer pasienten om prøvesvar.
Laboratoriet har dessverre vanlegvis ikkje moglegheit til å formidle prøvesvar direkte til deg.
I enkelte tilfelle er avdelinga lovpålagt å rapportere prøvesvar vidare til nasjonale meldeordningar som Meldingssystem for smittsame sjukdommar, MSIS og Kreftregisteret.
Innsyn i prøvesvar
Dersom det er blitt tatt blodprøver, røntgen eller andre typar prøver av deg på sjukehuset, vil du etter kvart kunne sjå resultata når du loggar deg inn på Helsenorge.
Prøvesvara dine vil også kunne delast mellom helsepersonell som treng dei når dei behandlar deg. Dette er spesielt viktig viss du skulle ha behov for akutthjelp, for eksempel på legevakta.
Du har rett til å avgrense deling av helseopplysningane dine viss du ønskjer det. Les meir om korleis du kan gå fram på Helsenorge eller ring Veiledning Helsenorge på 23 32 70 00.
Deling av helseopplysninger - Helsenorge
Digital deling av helseopplysningar blir gradvis innført
Arbeidet med å dele helseopplysningar digitalt mellom behandlarar og mellom sjukehus skjer gradvis. Det vil derfor kunne variere kva behandlarar som bruker delingstenestene, og det kan hende at nokre av dei du er i kontakt med ikkje brukar dei enno.