Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Vi har ofte behov for blod i behandling av pasientar og vi er avhengig av dei som donerer blod til oss. Du kan melde deg som blodgivar på giblod.no.
Gå til giblod.no for å melde deg som blodgivar. Her kan du også lese kven som kan bli blodgivar.
Vi oppfordrar blodgivarar til å laste ned appen «Blodbanken».
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Viss du har spørsmål knytt til blodgiving, er du også velkomen til å ta kontakt med oss.
Blod kan ikkje lagast kunstig. Vi treng mange blodgivarar for å kunne gi livsviktig behandling i samband med sjukdom, ulukker, kompliserte fødslar og skader.
Blodet frå blodgivarar blir klargjort og delt i ulike blodprodukt: Røde blodceller, blodplater og plasma. Blod frå ein givar kan dermed hjelpe tre pasientar.
Blodet kan berre lagrast i 35 dagar. Blodbanken treng derfor jamleg påfyll for å oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blod.