Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Forsking og innovasjon

Eldremedisinsk forskingsgruppe

Den største forskingsgruppa i Helse Fonna forskar på aldring og demens. Forskinga omfattar fagfelta geriatri, nevrologi og psykiatri.

Våre studier

ANeED-studien er vår hovudstudie. Av alle kliniske behandlingsstudiar Helse Fonna deltek i, er ANeED studien den einaste kliniske studien som er leia av Helse Fonna.

Du kan lese meir om ANeED-studien her

ANeED-studien er no utvida til fleire studiar. ANeED og ANeED Joint effort21 er nasjonale, og blir leia av forskingsgruppa. Heile åtte sentra i heile Noreg er med.

Vi har også eit eige forskingsprosjekt om kvinnehelse og demens.

Får 12 millionar til forsking på kvinnehelse - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Vi tek også del i FEAD, DDI-studien, NORDLB og NorKog.

Meir om våre studier

Deltaking er frivillig, og deltakaren kan trekke seg frå vidare deltaking kor tid som helst utan å gje forklaring om kvifor. Deltaking i studiar kan i fleire tilfelle kombinerast, slik at kontrollane og prøvetakingane i dei ulike studia kan gjerast samtidig.

Demens med lewylekamar(Lewylegemedemens / Lewy Body demens) er ein vanleg men ofte under og feildiagnostisert sjukdom innan demensgruppa med symptom som skil seg frå andre demenssjukdommar. Det er vanleg at symptoma kjem og går, slik at personen med denne sjukdommen kan ha få symptom nokre dagar, og vera meir preget av symptoma andre dagar.

Nokre av dei vanlege symptoma er REM-søvn forstyrring, syns-hallusinasjonar, vrangførestillingar, svekka hukommelse, trege bevegelsar, og  stive armar og bein.

Det er ikkje bremsande eller kurerande behandling for denne sjukdommen enno. I denne studien forsøker vi å komme nærare ein slik behandling ved å finne ut kva effekt hostemedisinen Ambroksol har på denne sjukdommen og symptoma den har.

Studien er ein nasjonal studie med åtte studiestader rundt i landet, og den er leia frå Haugesund. Den er ein randomisert og dobbelblinda kontrollstudie (RCT), som betyr at deltakarane delast i to grupper – der halvparten av deltakarane får medikamentet Ambroksol og halvparten får placebotablettar. Verken deltakaren eller behandlaren veit kva gruppe deltakaren er i før studien er ferdig eller ved deltaking i ANeED Open Label.

Ved naudssituasjonar har vi moglegheit til å “avblinde”, det vil seie å finne ut om deltakaren har fått det ekte medikamentet eller ikkje.

Studiedeltaking inneber ulike undersøkingar gjennom studien, med nokre fleire undersøkingar i starten og slutten av dei 18 månadane. Undersøkingar i starten og slutten av studien inkluderer spinalpunksjon med prøve av ryggmargsvæske, MR, DaTSCAN og EEG av hjernen, EKG av hjartet, blodprøver, klinisk og nevrologisk undersøking og kognitive testar.

Det blir teke EKG, blodprøver, klinisk- og nevrologisk undersøking og kognitive testar gjennom studiedeltakinga. Vi er i kontakt omtrent månadleg, med fysisk kontroll på sjukehus omtrent kvar 3. månad.

Besøka og kontakten er noko hyppigare i starten av deltakinga, dette er for å ha god kjennskap til deltakaren sin situasjon, og for å gi tettare oppfølging ved oppstart av medikamentet.

Deltaking i ANeED-studien kan kombinerast med deltaking i NorDLB-studien.

ANeED-studien - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Demens med Lewylegemer (DLB) er vanskeleg å diagnostisere, spesielt hos kvinner, og ein ny heilgenom assosiasjonsstudie kan forklare kvifor det er slik: Kvinner og menn har ulike genetiske årsaker til sjukdommen. Dette kan forklare kvifor DLB er sjeldnare hos kvinner og kvifor sjukdommen hos kvinner har eit klinisk uttrykk som likner meir på Alzheimers sjukdom, slik at sjansen for å feildiagnostisere DLB hos kvinner som Alzheimers sjukdom aukar.

Det er vanleg med underdiagnostisering og feildiagnostisering hos personar som lever med DLB, spesielt hos kvinner. Klinikarar treng difor objektive biologiske markørar som kan hjelpe dei ved tidleg diagnostikk av DLB.

I dette prosjektet vil vi undersøke effektar frå ulike risikogen ved DLB på nye biologiske markørar i blod- og ryggmargsvæske hos kvinner samanlikna med hos menn, og deretter forsøke å identifisere kjønnsforskjellar i behandlingseffekten hos personar med DLB som behandlast med ambroksol i ein klinisk legemiddelstudie.

Får 12 millionar til forsking på kvinnehelse - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Dette er ein tilleggsstudie til ANeED-studien i samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Regional kompetansesenter for Eldremedisin og samhandling ved Stavanger Universitetssjukehus og private aktørar.

Studien skal finne digitale markørar for sjukdommen og for ein eventuell behandlingseffekt frå ambroksol, korleis sjukdommen verker inn på dei pårørande, og kva tiltak som kan betra rekruttering av deltakarar i legemiddelstudien. Det vert utvikla eit program for å redusera stress hjå dei næraste pårørande.

Sensorane som vert nytta er smarttelefonar med ein app som er utvikla til studien, smartklokke, sensorar for rørsle (ein til handledd og ein til korsrygg) og søvnmonitor. Smarttelefonen og smartklokka skal brukast gjennom heile ANeED-studien. Dei andre sensorane brukast i ei veke samanhengande, totalt fire gonger for pasienten. Dersom pårørande deltek, brukast sensorane i ei veke samanhengande, men då berre éin gong.

Kan digitale hjelpemiddel gi oss fleire svar? - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Etter deltaking i ANeED-studien, får deltakarane tilbod om å delta i ANeED Open Label.

Det er ein fortsettingsstudie der alle deltakarar får tilbod om behandling med Ambroksol i 12 månader. Hyppigheit og innhaldet i besøka og telefonkontakten er like som i hovudstudien.

ANeED-studien - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Det er flere variantar av demenssjukdommar, og talet med desse sjukdommane aukar for kvart år. Fleire av sjukdommane utviklar seg med tida, og kan difor vere vanskelege å oppdage tidleg i forløpet.

DDI er ein kartleggingsstudie med overordna mål om å forbetre diagnostikk og behandling av pasientar med hjernesjukdom, som enten allereie har – eller har økt sjanse for å utvikle kognitive problem.

Studien forsøker å finne risikofaktorar som er forbunde med nevrologiske sjukdommar, og finne ut kvifor hukommelsesvanskar og andre kognitive problem oppstår. Studien har hovudfokus på Alzheimer’s og Parkinson’s sjukdom.

Deltaking i studien inneber innhenting av sjukehistorie og annan relevant informasjon frå pasient og pårørande, kognitive testar, klinisk og nevrologisk undersøking, MR av hovud, blodprøvar og spinalpunksjon med prøve av ryggmargsvæske. Kontrollbesøka er kvart andre år.

Dementia Disease Initiation - Prosjektbanken

Alzheimer’s sjukdom er den vanlegaste og mest kjente varianten av demenssjukdom. Dette er ein sjukdom som rammer mange personar og pårørande.

Denne kliniske studien skal finna ut kva effekt medikamentet Fasudil har på sjukdommen og symptoma.

Studien starta våren 2024 og vert leia frå Stavanger universitetssjukehus, med plan om å utvide til fleire studiestader nasjonalt.

Studien er ein randomisert og dobbelblinda kontrollstudie (RCT), som betyr at deltakarane delast i to ved loddtrekning, Der halvparten av deltakarane får medikamentet Fasudil og halvparten får placebotablettar. Verken deltakaren eller behandlaren veit kva gruppe deltakaren er i før studien er ferdig.

Ved naudssituasjonar har vi moglegheit til å “avblinde”, det vil seie å finne ut om deltakaren har fått det ekte medikamentet eller ikkje.

Studiedeltaking inneber ulike undersøkingar gjennom studien, med nokre fleire undersøkingar i starten og slutten av dei tolv månadane.

Det er totalt 16 studiebesøk i denne studien som varer i tolv månader.

Undersøkingar i starten og slutten av studien inkluderer spinalpunksjon med prøve av ryggmargsvæske, PET-scan av hjernen, EKG av hjartet, blod- og urinprøver, klinisk- og nevrologisk undersøking og kognitive testar.

Undersøkingar blir teke ved månadlege kontrollar, og inkluderer innhenting av relevant sjukehistorie og informasjon, EKG, blod- og urinprøver og klinisk- og nevrologisk undersøking.

Vi tek hukommelses-testar kvar tredje månad og andre kognitive testar tre gonger i løpet av studieperioden (ved oppstart, etter seks månader og etter tolv månader).

Dette er ein norsk del av ein større europeisk observasjonsstudie som handlar om demens med lewylegemer. Den leiast frå Stavanger universitetssjukehus.

Studien har som mål å finne nye og betre biomarkørar i pasienten sitt blod, spinalvæske og på røntgenundersøkingar. Målet er å kunne bruke disse biomarkørane til å stille ein sikker diagnose og kunne seie meir om sjukdomsutviklinga hos personar med demens med lewylegemer.

Deltaking inneber innsamling av biomarkørar ved oppstart i studien (blodprøver, spinalpunksjon med prøve av ryggmargsvæske, MR, DaTSCAN og EEG av hjernen, eventuelt FDG-PET scan av hjernen), samt innhenting av relevant sjukehistorie, klinisk- og nevrologisk undersøking, EKG av hjartet og kognitive testar.

Studiebesøka utførast 1-2 gonger årleg i inntil fem år. Deltaking i NorDLB kan kombinerast med deltaking i ANeED-studien.

NOR-DLB-studien - Helse Stavanger HF (helse-stavanger.no)

Personar som kjem til utgreiing ved Eldremedisinsk avdeling kan få tilbod om å vere med i NorKog sitt kvalitets- og forskingsregister. Vurderinga om å tilby dette blir gjort for kvar enkelt.

I registeret samlast opplysingar frå heile Noreg om deltakarar som har kognitive utfordringar.

Deltaking omfattar innsamling av data frå standard polikliniske besøk, som inkluderer kognitive testar, legetestar, bildeundersøkingar, og eventuelt blodprøver eller ryggmergsvæske.

Innsamla data blir brukt til å forbetre og kvalitetssikre utgreiingsverktøy, forbetre diagnose, behandling og helsetenester.

Informasjon til pasienter - Nasjonalt senter for aldring og helse

Ved deltaking i våre studiar, vil vi også informere om donasjon av- og oppbevaring av biologisk materiale til forsking innan aldersrelaterte hjernesjukdommar.

Enkelt forklart vil det seie at du kan samtykke til at vi tar ekstra prøveglas når vi tek prøvar (blod, ryggmargsvæske, urin og/eller spytt), som kan lagrast i ein biobank i Stavanger og brukast til framtidige forskingsprosjekt.

Det blir altså ikkje fleire prøvetakingar enn det som krevst i forskingsprosjektet du deltek i, men det blir teke fleire prøveglas når vi først er i gong med å ta prøvene.

Om du har gjeve samtykke til at prøvane kan brukast i nye forskingsprosjekt, vil du få nytt samtykke frå det nye prosjektet til gjennomlesing og underskrift om etisk komite krev dette.

Etablerte forskningsbiobanker - Helse Stavanger HF (helse-stavanger.no)

Kven er vi?

  • Arvid Rongve, overlege/psykiater (Profil hos Cristin)
  • Luiza Chwiszczuk, nevrolog/overlege
  • Monica Haraldseid Breitve, PhD, psykologspesialist
  • Mathilde Hemminghyth, psykologspesialist
  • Sólveig Birta Vik, forskingssjukepleiar i Eldremedisin / ANeED studiene, DDI, NORDLB, FEAD
  • Lillian Skumsnes, Forskningsbioingeniør
  • Heidi Isaksen, PhD student
  • Linnea Borg, psykolog

Vi har også brukarrepresentantar som gir verdifulle tilbakemeldingar og gjer forskinga meir relevant.

Kven samarbeider vi med?

Det er mange som hjelper oss vidare i forskinga vår. Det omfattar blant anna:

  • Universitetet i Bergen
  • Sesam (Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling)
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Helse Vest IKT

Kvar er vi?

Forskingsgruppa held til på Haugesund sjukehus. Du finn oss i første etasje, rett innanfor resepsjonen.

Rekruttering

Er du interessert å delta i et forskingsprosjekt om demens eller aldring? Er du pårørande til nokon som lever med demens som ønskjer å gi tilbakemeldingar?

Ta gjerne kontakt på ANeED@helse-fonna.no.

Sist oppdatert 04.12.2024