Forsking og innovasjon
Forsking er ei av hovudoppgåvene til Helse Fonna. Med forsking styrkar vi tilbodet vi kan gi våre pasientar og er difor eit naturleg satsingsområde. Seksjon for forsking og innovasjon er ein ressurs for pasientbehandlinga og bistår dei som treng hjelp og støtte i samband med forskingsprosjekt.
Kontakt
Telefon
E-post
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Møllervegen 22, Haugesund.
Helse Fonna skal ha forsking og innovasjon av god kvalitet i alle kliniske einingar.
Kliniske studiar - forsking på ny behandling
Kliniske studiar med menneske blir også kalla utprøvande behandling for nye metodar og legemiddel. Når du deltar i studiar som pasient, får du tett oppfølging. Dette inneber fleire kontrollar, testar og prøvar enn vanleg behandling.
Klikk på "Vis filter" og huk av for "Aktiv". Velg deretter Helse Fonna i lista "Samarbeid med" for å sjå dei kliniske studiane der vi deltar.