Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Psykiske helsetjenester i somatikk (PIS)

Vi gir psykiatrisk og psykososial støtte til pasientar som er innlagde på somatiske avdelingar (fysisk helse) og har psykiske helseutfordringar.

Vi har eit konsultasjon/liaison team som kan føre tilsyn med innlagde pasientar med rus- eller psykiatrivanskar ved somatiske avdelingar på Haugesund sjukehus.

Vi tilbyr også støttesamtalar og kan i enkelte tilfelle følgje opp innlagde pasientar over ein kort periode og etter dei er utskrivne. Undervisning og rettleiing av helsepersonell i somatikken blir tilbydd etter avtale. Teamet kan også gjennomføre akutte tilsyn og hjelpe helsepersonell med å tilvise pasientar til andre instansar utanfor sjukehuset.

Tilvisingar

Tilvisingar om tilsyn skal primært sendast direkte til liaison-teamet. Målsettinga er å sikre at tilvisingar frå somatiske avdelingar ved Haugesund sjukehus med ønsker om gjennomføring av psykiatrisk tilsyn, vurdering av suicidalitet, rustilsyn eller anna, blir tatt imot, prioritert og handtert på ein fagleg forsvarleg måte.

Liaisonoppgåve kan omfatte

  • Konsultasjonsarbeid i form av direkte og /eller indirekte vurdering av pasient.
  • Intervensjon opp mot helseskadeleg bruk av alkohol/rus.

Aktuelle pasientar for Liaison teamet

  • Pasientar med skadeleg/overforbruk av alkohol/rus/medisinar som kan auke risikoen for alvorlege sjukdommar
  • Alvorleg og/eller kronisk somatisk sjukdom
  • Medfødt misdanning eller fysisk funksjonshemming som krev hyppige innleggingar

Og ved mistanke om:

  • manglande meistringsoppleving
  • akutte krisereaksjonar
  • tilpassingsforstyrring
  • PTSD og emosjonelle forstyrringar
  • angst, fobi
  • depresjon
  • tvang
  • alvorleg og/eller kronisk somatisk sjukdom

Vi ser på samanhengen mellom kropp, følelsar, tankar og åtferd.

Sjå også Alkohol og helse

Sist oppdatert 31.03.2025