Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rehabilitering

Ved seksjon for rehabilitering driv vi med diagnostisering og behandling av skadar og sjukdommar som har ført til funksjonsnedsetting. Døme på dette kan vere hjerneslag eller sjukdommar i nervesystemet. Vi held til ved Stord sjukehus, men behandlingstilboda dekker pasientbehov i heile Helse Fonna. I tillegg har vi terapeuttenester for pasientar ved sengepostane ved Stord sjukehus.

Fastlegar og sjukehuslegar kan tilvise pasientar til alle tilboda våre. Elektronisk tilvising, adresse: Interntilvisingar i DIPS.

Alle tilvisingar både til spesialisert rehabiliteringdøgnpost, rehabiliterings- og fysikalsk medisinsk poliklinikk vert vurdert av  legespesialistar i fysikalsk medisin og rehabilitering.

Vurderingane er i tråd med Prioriteringsveilederen fysikalsk medisin og rehabilitering.

Dette tilbodet er for deg som treng vurdering og, eller oppfølging av samansette funksjonsnedsettingar. Mennesker som kan ha nytte av ei slik vurdering, har oftast sjukdom eller skade i hjernen, sjukdomar i nervesystemet eller multitraume.

På poliklinikken følger fagteam òg opp nokre pasientar som har vore innlagd til spesialisert rehabilitering. Dette gjeld særleg mennesker som  har kognitive vanskar, som treng førarkortvurderingar eller har utfordringar i høve spastisitet.

Ved vår rehabiliteringsdøgnpost har me ni plassar og tilbodet er ope 365 dagar i året. Vi har legespesialistar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og nevropsykolog. Vi dannar eitt breitt samansette team med høg fagleg kompetanse for å kartlegga pasienten sitt funksjonsnivå, starta målretta rehabilitering, og driva veiledning til  primærhelsetenesta i det vidare rehabiliteringsløpet.

Spesialisert rehabilitering i sjukehus gjeld pasientar som ved sjukdom eller skade får store funksjonsnedsettingar som har behov for spesialisert kunnskap, tverrfaglege, intensive og koordinerte tiltak.

Rehabilitering er effektivt ved å fremma pasienten si funksjonsbetring og eit sjølvstendig liv;  helse, meistring og livskvalitet.  Dei  fleste pasientane  bør få rehabiliteringstilbod i kommunen der dei bur. P

Logopedi

Logopedi er aktuelt dersom pasient har sjukdom eller skade på hjernen sine språksenter, taleorgan og, eller tygge- og svelgvanskar. Logopeden på sjukehuset kartlegg og trenar særleg hjernslagpasientar ved akutt slageining og ved rehabiliteringsdøgnposten.

Fysioterapi

Fysioterapi på sjukehuset retter seg mot pasientar som følge av sjukdom eller skade, har  ulike bevegelsesvanskar. Fysioterapeutane kartlegg og behandler  pasientar innlagd ved alle sengeposter; -kirurgisk, medisinske og rehabilitering,  i Klinikk Somatikk Stord. Fysioterapeutane nytter metoder som stimulerer pasient til størst mogeleg grad av eigentrening og meistring.

Ergoterapi

Ergoterapi er aktuelt når pasient  har sjukdom eller skade som hemmer pasienten i å utføra aktivitetar i dagleglivet (ADL). Ergoterapeutane kartlegg pasienten sine aktivitetsvanskar, og set i gang trening og eller kompenserande tiltak  for å styrka pasienten si eiga meistring av viktige aktivitesområder.

Hjelpepleiar

Hjelpepleiar som er knytt til terapeuttenestane har i samarbeid med terapeutar ansvar for oppfølging av treningsprogram og trygger pasient i mengdetrening. 

Rehabiliteringsdøgnposten er i tredje etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i første etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i første etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Både inneliggande og polikliniske pasientar kan ha effekt av varmtvassbehandling.
Naturen og nærområdet rundt sjukehuset er viktige treningsarenaer for ein del pasientar.

Dette behandlingstilbodet er retta mot deg som har muskel- og skjelettplager, og som er motivert for eit aktivt behandlingsopplegg.

Legespesialist og fysioterapeut vil undersøka, stilla diagnose,  behandla, og vidare gje råd og rettleiing til behandling. Dersom du har nytte av det,  har me behandlingsprogram som vert utarbeida av lege og fysioterapeut.

Til deg med ryggplager har vi tilbod om dagskurset «Trygg Rygg». Målet med kurset er å gi deg oppdatert kunnskap om ryggplager og hjelp til å takla dei. Kurset vert leia av fysioterapeutar.  Du kan få tilvising av lege, fysioterapeut, kiropraktor eller andre som har tilvisingsrett.

Vi har tilbod for

  • Ryggplager
  • Skulderplager
  • Laterale hoftesmerter
  • Fremre knesmerter
  • Laterale albogesmerter
  • Achillesplager
  • Plantare hælsmerter
  • Helse i arbeid

Helsepersonell som ønsker å hospitera på døgnposten og eller poliklinikken vår kan ta kontakt med oss.


Avdelingsleiar Marianne Hollund Espeland

  • Telefon: 952 34 329 eller 53 49 12 70
  • E-post: marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no


Avdelingsoverlege Ole Marius Ekeberg

  • Telefon: 53 49 08 71 eller 53 49 10 00 (sentralbord)
  • E-post: ole.marius.ekeberg@helse-fonna.no

Helse i arbeid

Helse i arbeid er for vaksne med plager frå muskel- og skjelettsystemet som er delvis eller fullt sjukemeldte i inntil 9 månader. Tilbodet er tilpassa pasientar der det vil være anbefalt ikkje-operative tiltak og egner seg ikkje for pasientar med mistanke om revmatisk sjukdom.

Tilbodet er eit samarbeid mellom fysikalsk medisinsk poliklinikk i Helse Fonna og NAV.

Helse og arbeid
En person som holder en klesklype

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Rehabiliteringsdøgnposten er i tredje etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i første etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i første etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

      Helse i arbeid

      Helse i arbeid er for vaksne med plager frå muskel- og skjelettsystemet som er delvis eller fullt sjukemeldte i inntil 9 månader. Tilbodet er tilpassa pasientar der det vil være anbefalt ikkje-operative tiltak og egner seg ikkje for pasientar med mistanke om revmatisk sjukdom.

      Tilbodet er eit samarbeid mellom fysikalsk medisinsk poliklinikk i Helse Fonna og NAV.

      Helse og arbeid
      En person som holder en klesklype