Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Utdanning og kompetanse

Utdanning er ei av Helse Fonna sine hovudoppgåver. Vi bidrar til utdanning innan fleire helse- og sosialfag.

Studentar, elevar, og hospitantar

Helse Fonna har praksisopplæring for mange utdanningsgrupper. Dei største gruppene er studentar innan sjukepleie og medisin. 

Praksisplassar blir tildelt frå utdanningsinstitusjonen, og baserer seg på inngåtte avtalar med Helse Fonna. Vi har avtale med Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og VID campus Bergen og Sandnes.

Dette må du gjere for å førebu deg til praksis

Søke i rekrutteringsportalen

Før første praksisperiode i Helse Fonna må du i god tid legge inn ein enkel søknad i vår rekrutteringsportal. Link til denne blir formidla til studenten frå utdanningsstaden. Denne søknaden, saman med studentlistene frå skulen, vil danne grunnlag for bestilling av korrekte og nødvendige IT-tilgangar. Det er viktig at du er nøye med utfyllinga, og legg inn fullt personnummer (11 siffer), og ditt mobilnummer. Dette gjeld ikkje dersom du har vore i praksis i Helse Fonna tidlegare.

Obligatorisk opplæring for alle studentar

Studentar som skal i praksis må gjennomføre obligatoriske e-læringskurs før oppstart av den første praksisperioden.

Når du skal logge deg på Læringsportalen for å gjennomføre e-læringskurs før oppstart i praksis, må du logge deg på med Bank-ID.

Sjå brukarrettleiinga du finn under «Ofte stilte spørsmål om innlogging» hos Helse Vest IKT for meir informasjon: Læringsportalen - Helse Vest IKT (helse-vest-ikt.no).

Via Læringsportalen registrerer du deg som brukar og melder deg på kursa:

  • Smittevern: Håndhygiene
  • Brannvern teoretisk del, Helse Fonna
  • Informasjonssikkerhet og personvern
  • Meldekultur
  • Klima og miljø – Helse Fonna

Sjukepleiarstudentar og andre studentar som jobbar pasientnært 

De må i tillegg ta desse e-læringskursa. Merk som «ikkje relevant» om dette ikkje er aktuelt for deg.

  • Mattrygghet for pasienten
  • Medisinsk utstyr - Helse Fonna
  • EPJ - Elektronisk Pasientjournal
  • DIPS Arena: Grunnkurs (Velg rollen Postpersonell)

E-læringskurs som må gjennomførast på Helse Fonna-PC (gjeld berre for sjukepleiarstudentar):

  • MEONA Grunnkurs del 1 - Grunnleggende funksjonalitet

Brukarettleiing for å gjennomføre e-læringskurs frå privat PC

Når du registrerer deg som ekstern brukar skal du opprette ein brukarkonto som er tilknytt Helse Fonna. Under registreringa må du velje organisasjonen «Helse Fonna – tilgang for eksterne brukarar».

Det er viktig at du registrerer deg med fullt personnummer. Når du startar i praksis skal du bruke brukarnamnet du får ved praksisstart. Etter dette vil du ikkje kunne logge deg inn med det brukarnamnet du sjølv oppretta.

Opplæring i pasientsystema

Dei som skal bruke pasientsystema DIPS (elektronisk pasientjournal) og Meona (elektronisk kurve) i sin praksisperiode, får tilbod om klasseromskurs med jamne mellomrom. Du vil få informasjon om dette og melder deg på via Læringsportalen.  

ID-kort

Kontakt ID-kontoret på det enkelte sjukehuset for å skaffa deg personleg ID-kort i veka før praksisstart. Dersom dette ikkje er mogleg, kan det ordnast etter praksisstart. Du må ha med deg gyldig informasjon når du hentar ID-kort.

Alle tilsette, inkludert studentar, skal bere personleg ID-kort med bilde. Dette skal du alltid ha på deg synleg. Du må oppbevare kortet på ein slik måte at ingen andre får tilgang til det eller kan misbruke det. Kortet skal ikkje lånast til andre. Det ligg ein PIN-kode i kortet som er hemmeleg, og denne skal ikkje oppbevarast saman med kortet. Kortet fungerer også som nøkkelkort. 

Arbeidstøy og garderobe

Du blir tildelt garderobe når du startar i praksis. Her kan du låse inn privat tøy og ting medan du er på jobb. Du hentar sjølv arbeidstøy. Du må sjekke ut korleis dette fungerer på det sjukehuset du har din praksis. Les rutinen "Reglement for arbeidstøy i Helse Fonna" for å gjere deg kjent med reglane.

Brukarnamn og passord

Nødvendige IT-tilgangar er bestilt og skal være klar når du kjem i praksis. Du får brukarnamn tilsendt på e-posten du registrerte deg i Webcruiter med, og passord får du tilsendt på SMS like før praksisstart. Dette vil gjelde og ved neste praksis, så du må huske desse.

Dersom du har vore i praksis hos oss tidligare, er brukarnamnet det same. Passordet du tidligare har nytta, vil gjelde i 90 dagar etter siste gang det blei nytta. Dersom du ikkje hugsar passordet, eller det har gått over 90 dagar sidan du brukte det sist, må du bestille nytt ved å ringe Helse Vest IKT Kundesenter på telefon 55 97 65 40. Du vil då få sendt nytt passord på SMS.

Studentar som har tilsettingsforhold i Helse Vest, kan bruke same brukarnamn og passord som ein nyttar på jobb.

Vaksine og smittevern

Studentar må fylle ut helseskjema som blir gitt via skulen.

Teiepliktserklæring

Du må signere teiepliktserklæring. Dette skjer ved den enkelte utdanningsstad.  

Forventningar

Kva kan du som student forvente av oss? Gjennom praksisperioden ønskjer vi at du skal:

  • Få tildelt rettleiar som har ansvar for å gi deg god fagleg rettleiing og evaluering undervegs
  • Oppleve ein lærerik praksisperiode med mange interessante læresituasjonar og auka grad av utfordringar gjennom perioden
  • Oppleve praksissituasjonar med meiningsfylt innhald
  • Oppleve fagleg utvikling
  • Oppleve eit triveleg arbeidsmiljø der du kjenner deg velkomen.
  • Kva forventningar har vi til deg som er i praksisopplæring hos oss? Vi forventar at du:
  • Byr på deg sjølv, viser interesse og aktivt oppsøker relevante læresituasjonar.
  • Nyttar praksistida godt, er open for læring og tar ansvar for å tileigne deg kunnskap
  • Møter presist ved vaktstsart, held avtalar og følgjer oppsett vaktplan
  • Viser respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
  • Held teieplikta
  • Følgjer retningslinjer for arbeidsantrekk og viser god telefonkultur
  • Går med synleg ID-kort

Helse Fonna har omtrent 40 lærlingar i ambulansefag, helsefagarbeidar og ernæringskokk. Lærlingane er tilknytt fleire lærestader ved våre lokasjonar i Rogaland og Hordaland. Lærlingplass blir lyste ut på helse-fonna.no/jobb, og søknad skal sendast via rekrutteringsportalen Webcruiter som du finn lenke til i sjølve stillingsannonsa. Vi lyser ut stillingane tidleg på året.

Krav til deg som søker lærlingplass

Fagutdanning er ei fireårig utdanning der to år er i skule og to år er i bedrift. Vi stiller krav til bestått Vg1 og Vg2 i den utdanningsretninga du søkjer læreplass innan. Dersom du har tatt Vg1 eller Vg2 som etter- og vidareutdanning, ta kontakt med fylkeskommunen din for å få informasjon om lengda på læretida. For deg som tek utdanninga som privatist må du ha bestått faget YFF på Vg1 og Vg 2.

I tillegg til bestått grunnutdanning, stiller vi krav om gode karakterar, lite fråvær, personlege eigenskapar og ein god søknad. Ambulansefag har eigne fysiske opptakskrav. Sjå meir om dette under Ambulansefag.
Vi forventar at våre lærlingar til ei kvar tid følgjer gjeldande lover, avtaleverk og arbeidsreglementet for Helse Fonna.

I læretida forventar vi at du:

  • Møter presis, har skifta til arbeidsklede og er klar på arbeidsplassen når arbeidsdagen startar
  • Bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø 
  • Stiller på kurs og lærlingsamlingar 
  • Viser engasjement og interesse for ditt fagfelt
  • Tar ansvar for eiga læring og jobbar systematisk fram mot fagprøve
  • Er audmjuk overfor dine kollegaer når det gjeld andre sin kunnskap og erfaring
  • Tek initiativ

Spørsmål og svar

Kan eg sende søknad i posten?

Nei. Søknad må du sende via rekrutteringsportalen Webcruiter. Du finn lenke i sjølve stillingsannonsa. Stillingsannonse for lærling med oppstart kommande haust, vert utlyst tidleg på året.

Kor mange lærlingar får kontrakt?

Vi tar inn 18-20 lærlingar kvar haust, fordelt på dei tre yrkesretningane ambulansefag, helsefagarbeidar og ernæringskokk.

Kva er lite fråvær?

Det er vanskeleg å gi eit eksakt svar i timar eller dagar. Det viktigaste er at du ikkje har ugrunna / udokumentert fråvær. Vi må kunne stole på at du kjem på jobb og gjer den jobben du skal.

Får eg jobb hos dykk etter læretida?

Vi kan dessverre ikkje love fast stilling etter avslutta læretid. Dei fleste får eit vikariat som etter kvart ender opp i fast tilsetting

Søk om praksis i ambulanseteenesta

Ambulansearbeidaren er bindeleddet mellom pasienten, sjukehuset og anna helseteneste.

Ambulansearbeidarar undersøkjer og behandlar pasientane i samråd med legen. Ambulansetenesta samarbeider ofte med dei andre naudetatane og kommunale helsetenester. Ambulansearbeidarar med fagbrev kan i tillegg arbeide i  sjukehus og som koordinatorar ved AMK sentralen (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral). 

Les meir om ambulansefag hos utdanning.no

Personlege eigenskaper:

God fysisk og psykisk helse. Det er definerte fysiske krav i Helse Fonna: Løpe 1000 meter på under 5 minutt, løfte bærestol med 80 kg opp og ned éin etasje tre gonger på under 8 minutt, bekrefte at du kan svømme. 

Personleg skikka

  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg, munnleg og digitalt
  • Innfri krav til førarkort klasse D
  • Gjennomført og bestått VG 1 Helse- og sosialfag
  • Gjennomført og bestått VG 2 Ambulansefag på skule før tiltreding

Søkjarar som ikkje har fullført og bestått VG2 frå ordinær skule kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemnde studieretning før tiltreding. For deg som tek utdanninga som privatist må du ha bestått faget YFF på Vg1 og Vg 2.

Som helsefagarbeidar møter du pasientar i alle aldrar og i ulike livssituasjonar. Ein helsefagarbeidar hjelper pasientar med mellom anna personleg hygiene, måltid, bruk av tekniske hjelpemiddel og andre daglege gjeremål. Ein helsefagarbeidar møter menneske i ulike situasjonar og fasar av livet. Evne til god kommunikasjon er viktig. 

Helsefagarbeidaren kan jobbe i offentlege og private sjukehus, i heimetenesta, på sjukeheim, på bu- og servicesenter, i rusomsorgen, innan psykisk helsevern, i boligar for funksjonshemma eller psykisk utviklingshemma, ved opptrenings- og behandlingssentre og liknande. 

Les meir om helsefagarbeider hos utdanning.no

Personlege eigenskaper

  • Motivasjon for å vere lærling 
  • Evne til samhandling og samarbeid 
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt 
  • Pliktoppfyllande og initiativrik 
  • Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø

Som ernæringskokk har du ansvar for mat og rett ernæring  til pasientar eller brukarar som har behov for bistand til sitt kosthald. Du skal planleggje og produsere alle måltid pasienten eller brukaren treng i løpet av eit døgn. 

Mattilbodet skal dekke behova til den enkelte pasient, og skal oppfylle matloven med gjeldande forskrifter og ernæringsmessige kriterier, samt offentlege retningslinjer. Du skal vere i stand til å lage mat som gir positive opplevingar til både friske og sjuke. 

Som ernæringskokk kan du jobbe i offentlege og private institusjonar, som sjukehus, internat, Forsvaret, eldresenter, sjukeheimar, fengsel og liknande. Les meir om ernæringskokk hos utdanning.no.

Personlege eigenskapar:

  • Interesse og motivasjon for matfaget
  • Ansvar for eiga læring 
  • Stå på-vilje 
  • God samarbeidsevne 
  • Interesse og kunnskap om bruk av elektroniske hjelpemiddel og system 
  • Interesse for å jobbe allsidig innan faget, frå planlegging via produksjon og servering til oppvask og skrubb  

Hospiteri​​​ng knytt til samhandling mellom sjukehus og primærhelsetenesta
Hospitering er eit uløna og tidsavgrensa opphald i éin eller fleire avdelingar ved Helse Fonna. Hospitering må ikkje forvekslast med praksisstudie i regi av en utdanningsinstitusjon. Er du student ved HVL, UiS eller UiB må du ta kontakt med utdanningsinstitusjonen din.

Kandidat som søkjer om hospiteringsplass med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må kunne dokumentere språkkunnskap på minimum B1-nivå. 

Medisinarstudentar under utda​​​nning i utlandet

Helse Fonna er positiv til å ta inn medisinstudentar som hospitantar. Mange av studentane som har hospitert her kjem tilbake som ferdige legar. Avhengig av kapasitet kan vi tilby hopsiteringsplass i eit gitt tidsrom, der du om mogleg kan få kvittert ut prosedyrar og undervisning. Vi kan ikkje tilby formalisert utdanning eller på førehand forplikte oss til spesifikk undervisning eller love gjennomføring av praktiske prosedyrar.

Dette heng saman med stor pågang for å hospitere, samt at vi har plikt til å gi utdanning til studentar ved norske universitet og høgskular, samt lærlingar. 

Dersom du ønskjer å søke hospiteringsplass i Helse Fonna ber vi deg følgje lenka under. Søknaden din vil då bli registrert og bli vurdert på lik linje med andre søkjarar. Me ber deg spesifisera kva fagområde du søkjer hospitering innan, samt aktuelle tidsperiodar. 

Hospitering - Medisinarstudentar: Kirurgisk klinikk, Haugesund sjukehus 2025​

Hospitering - Medisinarstudentar: Psykisk helsevern 2025

Hospitering - Medisinarstudentar: Odda sjukehus 2025​

Hospitering - Medisinarstudentar: Stord sjukehus 2025​

Hospitering - Medisinarstudentar: Medisinsk klinikk, Haugesund sjukehus 2025​

​Helse Fonna har en spennende og fremoverlent ambulansetjeneste som er opptatt av fag og utdanning.

Vi tar hovedsaklig inn hospitanter via videregående skole, høyskole og universitet. Men vi åpner også opp for at andre kan søke om hospitering hos oss. Vi har stor pågang på hospitering, og prioriter derfor søkere som er bosatt i en av kommunene Helse Fonna dekker. 

Søknader behandles fortløpende. Send søknad​

 



Legar i spesialisering

Utdanninga av legespesialistar skal skje innan fagleg forsvarlege rammer, og på ein måte som sikrar tilstrekkeleg kvalitet i utdanningsløpet.

Spesialistutdanninga for legar startar etter at ein har fått autorisasjon som norsk lege. Spesialistutdanninga av legar skjer i stilling som lege i spesialisering (LIS). Spesialiseringsløpet for legar har to eller tre delar, avhengig av spesialitet. LIS 1 er felles for alle, og har erstatta turnuslegeordninga.

For meir informasjon om ordninga, gå til den nasjonale nettsida for LIS

Modell for spesialiseringsløpet LIS 1-3:

Utdanningsmodell LIS 1-3

Kvart halvår tilsett Helse Fonna 28 legar i LIS 1-stillingar ved sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord. LIS 1-tenesta er på til saman 18 månader, med 12 månader i sjukehus og 6 månader i kommunehelsetenesta.

Det er oppstart for nye LIS 1-legar 1. mars og 1. september. Det er ei seksdagars introduksjonsveke før dette. 

Utlysing og søknad

Utlysning av stillingane blir gjort på Helsedirektoratet sine nettsider  

Kven har ansvar for tilsetting?

HR ved avdeling for utdanning og kompetanse gjennomfører rekrutteringsprosessen i samarbeid med aktuelle ressursar frå klinikkane.

Helse Fonna har dei siste åra hatt rundt 350 søkjarar til kvart opptak. Alle søknader blir lest og eit utval blir innkalla til intervju. Intervju blir gjennomført enten ved fysisk frammøte, eller via Skype/telefon.

Det er Helsedirektoratet sine fristar som gjeld ved utsending av tilbod om stilling. 

Organisering av tenesta: 2 og 3-deling

Helse Fonna tilbyr både todelt (medisin og kirurgi) og tredelt teneste (medisin, kirurgi, psykiatri).

Arbeidsavtale til LIS 1 er utforma etter gjeldande avtalar mellom Legeforeningen og arbeidsgivarforeninga Spekter. 

Frå våren 2025 tilbyr vi i tillegg ei ny tredeling av teneste ved Haugesund sjukehus: medisin, kirurgi, nevrologi eller medisin, kirurgi, pediatri.

Gjensidige forventningar

Frå oss kan du forvente at du får ein rettleiar som bidrar til at du opplever god fagleg og personleg utvikling. Vi har ein overlege tilsett i deltidsstilling i HR som har det faglege ansvaret for LIS 1-ordninga i Helse Fonna.

Vi ønskjer at du skal få ei god oppleving som LIS 1 hos oss, og at du skal oppnå dei planlagde læringsmåla for ditt utdanningsløp i spesialisthelsetenesta.  

Introduksjonsprogram

Tenesta i Helse Fonna startar med eit seksdagars introduksjonsprogram. Dei første dagane er eit felles program som blir halde ved Haugesund sjukehus.

Dei resterande dagane blir avvikla lokalt på sjukehusa (Haugesund, Stord og Odda). Desse dagane skal førebu deg til tenesta.  

Arbeidsoppgåver

LIS1-tenesta er i hovudsak i akuttmottaket og på dei kliniske avdelingane. I akuttmottaket vil LIS1 ta i mot pasientar, vurdere initial diagnostikk og vidare behandling ved rett avdeling.

Dette blir gjort under rettleiing av ein lege i spesialisering (LIS 2 og/eller 3). I avdelinga deltar LIS1 i den daglege drifta med innkomst av elektive pasientar, legevisitt og utskrivingar av pasientar.  

Dokumentasjon

Kompetanseportalen er nytta som dokumentasjonsverktøy gjennom heile spesialiseringsløpet. 

Bustad

Helse Fonna kan hjelpe med å skaffa bustad. Dei som har behov for dette, kan etter tilsetting er gjort, ta kontakt med Fonnatorget på e-post fonnatorget@helse-fonna.no

Den nye spesialiseringsordninga for LIS 2 og 3 starta 1. mars 2019.

Spesialiseringstida er minimum fem år etter fullført LIS 1. I løpet av denne tida skal LIS opparbeide seg kompetanse etter fastlagte læringsmål.

Det er utdanningsplanar for den enkelte spesialitet om korleis verksemda vil sikre at legar i spesialisering kan oppnå læringsmåla.

Målet med ein overordna utdanningsplan for kvar av spesialitetane er å beskrive oppbygging og rekkefølge for heile utdanningsløpet i spesialiteten, inkludert spesialiserings/suppleringsteneste.

For dei fleste spesialitetane vil det vere nødvendig med teneste ved eit universitetssjukehus i ein periode.​

 

    ​​
     

    REGUT er det regionale utdanningssenteret for legar i spesialisering. Regut i Helse Vest er lokalisert i Bergen, og har eit overordna ansvar for spesialistutdanning av legar i Helse Vest.  
    RegUt skal mellom anna bidra til betre kvalitet, effektivitet, forutsigbarhet og progresjon i utdanninga, og sikre eit likeverdig utdanningstilbod regionalt og nasjonalt. Du finn meir informasjon ved å gå til dei nasjonale nettsidene.

    Helse Fonna har eit utdanningsutval som er overordna dei fagspesifikke utdanningsutvala og som samhandlar med desse. Utdanningsutvalet er sett saman av overlegar og leiarar frå klinikkane, fagdirektør, tillitsvalt, LIS-representant og HR-ressurs.

    ​Helse Vest RHF har, for å leggje til rette for sjukehusteneste for ALIS, i første omgang etablert ein ALIS-portal som skal hjelpe med informasjon og registrering av aktuell tidsperiode for utdanning i spesialisthelsetenesta.

    Spesialisthelsetenesta skal leggje til rette for allmennlegane sitt behov for spesialisering i sjukehus (ALIS). Sjukehusa vil vere heilt avhengige av vel fungerande og høgt kompetente fastlegar. Vi er i starten av eit generasjonsskifte blant fastlegane med mange nye fastlegar som etter forskrift må ha gjennomført allmennlegespesialisering.

    Helseføretaka må synleggjere handlingsrommet for ALIS spesialisering og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein hensiktsmessig og god måte.

    Korleis registrere seg i portalen (PDF)

    I denne portalen skal sjukehusavdelingane legge ut tilgjengeleg tid som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og ALIS kan melde seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»).

    Det er viktig at sjukehusa følgjer opp med å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS spesialisering. Vi skal nytte tid der eigne medarbeidarar har planlagde lengre permisjonar, slik at ALIS legane kan få tilsetting i avtalt periode. Dette vil krevje god planlegging i føretaka og god medverknad frå ALIS legane for at vi skal få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennleger er ein viktig del av arbeidet.

    ​Dokume​​ntasjon



    Vi jobbar for at Helse Fonna skal vere ein føretrekt lærestad for LIS-legar. 

    Gode lønsvilkår

    Legar i spesialisering (2/3) ved Helse Fonna har i 2024 fått betydeleg betra lønsvilkår. Grunnlønn er auka med 40.000 kroner pr. år.

    Rekrutteringstillegg er innført, tillegg aukar etter ansiennitet. Lågaste lønskategori ved oppstart er lønskategori B.

    Stipend i samband med sentraltjeneste er kr.14.000 per månad

    Bindingstid er på 1 år for stipend opp til 100 000 kroner per år og 2-års bindingstid for stipend over 100 000 kroner per år.

    Gjennom introduksjonsprogram skal nye legar få god innføring, med mål om å kjenna seg trygge i møte med faget.

    Kompetanseheving

    Vidareutdanning innan sjukepleie

    Spesialsjukepleierar er ein etterspurt og kritisk kompetanse i sjukehusa i Helse Fonna. Dersom du er sjukepleiar med minst to års relevant erfaring og ønskjer å ta vidareutdanning innan etterspurte fagområde, kan du søke på utdanningsstilling som sikrar deg 100 % løn under utdanninga (90% utdanningsstilling, 10% arbeidsplikt på helg). Stillingane blir lyst ut i internt i rekrutteringsportalen med søknadsfrist i mars kvart år.

    Stillingane blir i hovudsak tilbydd for vidareutdanning innan faga:
    • Intensivsjukepleie
    • Anestesisjukepleie
    • Operasjonssjukepleie
    • Jordmorfag

    Stillingane blir i utgangspunktet tilbydd berre til tilsette med faste stillingar i føretaket. Helse Fonna samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om desse utdanningane, og praksis blir avvikla ved sjukehusa på Stord og i Haugesund. Det er og mogeleg å ta utdanninga ved andre institusjonar, men då utan praksis i føretaket.   

    Har du fått tilbod om studieplass ved ein aktuell utdanning, men ikkje har fast tilsetjing i Helse Fonna, kan du ta kontakt med Utdanning- og kompetanseavdelinga på e-post: kompetanse@helse-fonna.no for å høyre om det er ledige utdanningsstillingar som du kan vurderast til. 

    Utdanningsstilling

    Det kan variere frå år til år innan kva fag desse utdanningsstillingane blir tilbydd. Dette blir avgjort gjennom ei årleg behovskartlegging og prioritering av klinikkdirektørane.

    Du kan søke på utdanningsstilling når du har søkt om studieplass på relevant vidareutdanning. Utveljing til stillingane skjer etter intervju og innhenting av referansar. Du må også dokumentere at du har fått tilbod om studieplass.

    Utdanningane er masterløp, men det er mogleg å avslutte etter tre semester som ferdig kvalifisert spesialsjukepleiar. Utdanningsstilling er ein avtale om løn i tre semester med arbeidsplikt og bindingstid (for jordmorfag gjeld avtalen for fire semester). Når det gjeld masteroppgåve kan du søke permisjon utan løn frå bindingstid (1/2 år).

    I avtalen om utdanningsstilling inngår krav om 10 % arbeidsplikt på helg, samt fire veker 100 % stilling som sjukepleiar om sommaren i utdanningsperioden.

    Etter fullført utdanning som spesialsjukepleier/jordmor, blir ein tilsett i 100 % stilling i bindingstid i aktuell avdeling. Bindingstida varer i tre år.

    Deltidsutdanningar

    Det blir også gitt tilbud om økonomisk støtte til deltidsutdanningar, dersom desse er prioriterte frå klinikkdirektør. Slik søknad skal være skriftleg og behandlast av næraste leiar i samarbeid med HR.

    All støtte som samla overstig 50 000 kroner utløyser krav om bindingstid. Lengde på bindingstid blir avgjort ut frå total sum som blir gitt i økonomisk støtte (eitt eller to år).

    All utdanningsstøtte skal avtalefestast mellom arbeidsgivar og student, og slik avtale skal arkiverast i personalmappe.

    Obligatoriske kurs

    E-læring er ein mykje nytta metode for kompetanseutvikling i føretaka i Helse Vest. Ein del kurs er obligatoriske for ulike grupper av medarbeidarar, og nokre av desse skal gjentakast med jamne mellomrom. 

    Verktøy

    Kompetanseportalen skal mellom anna hjelpe medarbeidarar og leiarar med å:

    • Dokumentere kompetanse og identifisere behov for opplæring og vidareutvikling
    • Sette saman team med rett kompetanse
    • Førebu, gjennomføre og følgje opp avtalte tiltak frå medarbeidarsamtalar.

    Kompetanseportalen er eit verktøy for medarbeidarar for å nå sine utviklingsmål. Når medarbeidarar blir tilsette, får dei automatisk oppretta ein brukarprofil i portalen. Medarbeidar si oppgåve er å oppdatere CV, fylle ut tildelte kompetanseplanar, førebu seg til medarbeidarsamtale, skrive referat etter medarbeidarsamtale samt følgje opp avtalte utviklingstiltak.

    Portalen det verktøyet ein nyttar for å kartlegge all kompetanse i helseføretaket.  

    I Læringsportalen ligg all kursaktivitet i Helse Fonna, både e-læringskurs og klasseromsundervisning. Når medarbeidarar blir tilsette, får dei automatisk oppretta ein brukarprofil i portalen, slik at dei har tilgang til heile kurskatalogen. Studentar og andre kan opprette ein ekstern brukar og få tilgang til eit utval av kursa.

    Bruksrettleiing til Læringsportalen for tilsette

    ​Vi  ønskjer eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonar og deira masterstudentar. Både for studentane og føretaket er det viktig at masteroppgåver tek for seg nyttige og gode problemstillingar, og at samarbeidet blir organisert på ein tydeleg, effektiv og oversiktleg måte.

    V​urderer du  å skrive masteroppgåve​ med datainnsamling hos oss?


    Samarbeid 

    Helse Fonna har eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane i regionen, som Høgskulen på Vestlandet, VID campus Bergen og Sandnes, og Universitetet i Bergen.

    Samarbeidet skal vidareutvikle gode fag- og forskingsmiljø og bidra til høg kvalitet og bredde innan utdanning. Samarbeidet skal ivareta relevans i utdanningane og tilgang på kompetanse som sjukehusa treng i tida framover. Det er samarbeid på både organisatorisk og fagleg nivå.

    Det er fleire samhandlingsarenaer for utdanningssektor og helseføretaket. Samhandlinga skjer på strategisk, organisatorisk og fagleg nivå. Helse Fonna bidrar også med ressursar i prosjekt for utvikling til beste for begge partar.

    Samarbeidsavtale med UiB

    Samarbeidsavtale med HVL

    Studentprosessen skal sikre god styring på IT-tilgangane til studentane, og sikre at IT-sikkerhet blir ivaretatt. Studentprosessen beskriv oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom utdanningsstaden og Helse Fonna. 

    Studentprosessen startar med at studenten sjølv må legge inn ein enkel søknad i Helse Fonna sin rekrutteringsportal. Dette må gjerast i god tid før første sjukehuspraksis, og informasjon om dette blir formidla til studentane via skulen. Denne søknaden saman med studentlister frå skulane, utgjer grunnlaget for å søke om korrekte IT-tilgangar til studentane. Dette skal være på plass til første praksisdag. 

     

    Menn i helse

    Helse Fonna skal saman med andre kommunar i området tilby eit komprimert utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. No har du sjansen. Tips gjerne nokon du kjenner.

    Le​s meir om tilbodet på mennihelse.no​​

    Strategisk kompetanseplan Helse Fonna 2021-2026

    Strategisk kompetanseplan for Helse Fonna 2021 – 2026, skal gi retning for korleis føretaket strategisk skal planlegge for å sikre tilstrekkeleg kompetanse og rett kompetansesamansetting gjennom å utdanne, rekruttere, behalde og leggje til rette for forsking, fagutvikling og livslang læring. Planen skal vere eit verktøy for å bidra til systematisk planlegging og utvikling av kompetanse- og utdanningstiltak, og sikre at tiltak er målretta og i samsvar med føretaket sitt behov. Planen har hovudfokus på dei kliniske fagområda.

     Last ned Strategisk kompetanseplan 2021-2026 Helse Fonna (pdf)

     

    Vil du jobbe hos oss i Helse Fonna?

    Vi har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å fremme helse, meistring og livskvalitet. Hos oss får du meiningsfulle oppgåver og eit trygt arbeidsmiljø.
    Sjå alle ledige jobbar
    Helsepersonell på gang.
    Sist oppdatert 16.12.2024