Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Læring og meistring i Helse Vest
«Brukarane sine behov i sentrum – likestilling av fag- og Erfaringskunnskap.»
Lærings- og mestringstilbod skal bidra til mestring og betre livskvalitet for personar som har langvarige helseutfordringar, og deira pårørande.
I Helse Vest er det Lærings- og mestringssenter ved alle føretak. Det finnes tilbod både innan somatikk og psykisk helsevern/rus, det er tilbod både for barn og vaksne.
Nettverk for læring og mestring i Helse Vest skal vere ein ressurs for Lærings- og mestringssentra og deira samarbeidspartnarar. Nettverket er finansiert via midlar frå Helse Vest og leiinga er lagt til Helse Fonna for dei første tre åra.
Kompetanseheving er ein viktig del av nettverket sitt arbeid. Kvart år arrangerer vi fagsamlingar i samarbeid med dei lokale Lærings- og mestringssentra i kvart føretak.
Målgruppa er tilsette ved LMS, fagpersonar i spesialisthelseteneste og kommune som arbeider innan feltet, brukarrepresentantar og brukarorganisasjonar og aktuelle samarbeidspartar.
Koordinering mellom helseføretaka og samordna utvikling i regionen
Fag- og kompetanseutvikling
Samarbeid og kompetansedeling med kommunar
Gje innspel til Helse Vest når det gjeld utvikling av pasient- og pårørandeopplæring
Nettverket skal vere ein ressurs i utvikling av
Helsepedagogiske tilbod som byggjer på systematisk brukarmedverknad.
Forsking og utviklingsarbeidUtvikling av tilbod til innvandrarar/framandspråklege
Bruk av moderne teknologi
Pasient- og pårørandeopplæring/lærings- og mestringstilbod inn i pasientforløp
Samarbeid mellom helseregionar
Nasjonalt og nordisk samarbeid
Arbeidsutval
Består av HF-representantane og koordinator for nettverket. Utvalet følgjer opp handlingsplanen, førebur saker til referansegruppa og sikrar forankring og dialog med LMS-leiarane i føretaka.
Medlemmar
Marit Wirak, Helse Stavanger
Monica Tyvoll Tefre, Helse Førde
Charlotte Gjerdevik, Helse Fonna
Kari Fredriksen, Helse Stavanger
Rannveig Bakketun, Helse Bergen
Sølvi Heimestøl, koordinator
Stig Terje Berget, Helse Førde
Referansegruppe
Referansegruppa representerer Lærings- og mestringssentra (LMS) i regionen ved leiarane for LMS’ane og arbeidsutvalet. I tillegg er representantar for aktuelle samarbeidspartar invitert inn, som kommune, private ideelle institusjonar og regionalt brukarutval. Gruppa gjev innspel til arbeidet og kjem saman fram til årlege satsingsområde og handlingsplanar i tråd med mandat for nettverket.
Medlemmar
Astrid Gytri, brukarutvalet Helse Vest
Jørgen Møllerop, kommunerepresentant
Solfrid Vågen, HSR, ideelle private institusjonar
Kari Fredriksen, leiar LMS Helse Stavanger
Sigrid Bøthun, leiar LMS klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna
Are Mikael Lillebø, leiar LMS Helse Førde
Linn Jeanett Waagbø, kommunerepresentant
Vibeke Irgens, Helse Bergen
Nettverk for læring og mestring i Helse Vest vart etablert i 2013 og skal vere ein ressurs for Lærings- og mestringssentra og deira samarbeidspartnarar. Nettverket er finansiert via midlar frå Helse Vest og leiinga er lagt til Helse Fonna for dei første tre åra.
Nettverket skal bidra til
at pasientar og pårørande får eit kunnskapsbasert og likeverdig tilbod i heile Helse Vest
at pasient og pårørandeopplæring og lærings- og mestringstilbod vert ein integrert del av pasientforløpet.