Traineesjukepleiar
Den varierte praksisen du får som traineesjukepleiar gir unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i den vidare karrieren din som sjukepleiar.

Møt ein trainee
Aleksander Myking Bratli er traineesjukepleiar på Haugesund sjukehus. Gjennom to år skal han jobbe i tre ulike klinikkar.
- I Haugesund er det mange gode avdelingar. Vi har eit trygt og godt miljø for læring og eit godt arbeidsmiljø, seier Aleksander.
Traineeordninga sikrar han også jobb vidare.
- Ein god ting er at eg får 100 % fast tilsetting frå dag éin, og dette fortsett også etter eg er ferdig som trainee.
Sist oppdatert 21.02.2024