Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En mann på et sykehusrom

Operasjonssjukepleiar

Få sluttar i jobben på operasjonsavdelinga i Haugesund. Det er ein god ting på mange måtar.

Eirik Dankel
Publisert 18.06.2024
Sist oppdatert 25.06.2024

Søvnig er det ikkje i gangane i første etasje. Teama er i gong. Stovene er i full drift. No treng vi fleire operasjonssjukepleiarar.

Ein stad du ønskjer å vere

Avdeling vår har høg drift. Å jobbe på operasjonsavdelinga i Haugesund er aldri kjedeleg. Det er ein klisjé, men slik er det berre.

Folk trivst og blir lenge. Som ny blir du godt motteke. Det lovar vi. Her kjem alle til skikkeleg nytte.

Hos oss blir det gjort mange ulike operasjonar. Du veit ikkje kva dagen byr på. Kanskje er det keisarsnitt, kanskje eit lårbeinsbrot?

Som ein del av våre team vil du vere med på mykje forskjellig. Lære mykje forskjellig. Du vil kunne litt av alt. Når ingen dagar er like, då blir det (nettopp) ikkje kjedeleg.

Et par kvinner i scrubs
Ein skikkeleg spennande jobb saman med fantastisk kollegear

I teamet er du ein av to operasjonssjukepleiarar. Du blir difor ein viktig del av det. Skummelt? Nei, du har mange dyktige og erfarne kollegaer med deg.

Søk på jobb som operasjonssjukepleiar

Møt Maria-Linn og Anne Kari

Ei eiga, kanskje litt lukka verd med sin grøne dresskode. Korleis er kvardagen ved operasjonsavdelinga?

Å jobbe som operasjonssjukepleiar
Noen få kvinner iført skrubb

Korleis vil eg jobbe?

Avdelinga har to store seksjonar: Ein for ortopedi, kar og øyre-nase-hals. Den andre er gastro, gynekologi og urologi.

Hos oss har vi dagkirurgi fem dagar i veka. Sentraloperasjon går i tredelt turnus, med jobb kvar fjerde helg. På ettermiddag og kveld har avdelinga eitt vaktteam for kvar vakt.

I teamet er du ein av to operasjonssjukepleiarar. Du blir difor ein viktig del av det.

Skummelt? Nei, du har mange dyktige og erfarne kollegaer med deg.

Og hugsar du vi sa at våre kollegaer blir? Det er ein tryggleik for oss og deg.

Uansett kva oppgåver du har, vil du også jobbe tett med våre gode kollegaer innan anestesi.

Når vi ikkje er på jobb hender det vi finn på ting saman, som jule- eller sommarfest, eller kanskje noko heilt anna.

En gruppe mennesker i kirurgiske skrubb i et rom
Hos oss får du 100 % fast jobb

Du er gjerne nyutdanna operasjonssjukepleiar eller har erfaring allereie.

Kanskje er du frå Haugalandet, kanskje er du frå ein heilt anna stad? Haugesund kan vere meir spennande enn du trur.

Uansett vil vi at du tar kontakt med oss. Kanskje er du akkurat den vi leiter etter?

Søk på jobb som operasjonssjukepleiar