Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Habilitering - Multifunksjonshemming hos barn og unge

Multifunksjonshemming inneber nedsett funksjon på fleire område. Det kan gjelde bevegelse/motorikk, sansing, kommunikasjon og kognitiv fungering, som er evna til å oppfatte, vurdere, omarbeide, lagre, hente tilbake og handle målretta i forbindelse med informasjon frå omgivnadene.

Tilvising og vurdering

For å sikre ei heilskapleg og spesialisert ivaretaking av barnet eller ungdommen kan fastlege tilvise til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).

Formålet med ei sjekkliste er å bidra til at tilvisingane har rett og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestene kan gjere ei rettsvurdering på bakgrunn av «Prioriteringsrettleiar – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetenesta». Sjekklista nemner forhold som er særleg viktige for effektivt å planlegge utgreiing og vidare oppfølging.

Det er forventa at det blir gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising, og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga.
  • Pasientens namn, fødselsnummer, adresse og eventuelt telefonnummer.
  • Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt.  
  • Namn, telefonnummer og korrekt adresse til føresette. 
  • Opplysning om kven som har foreldreansvar. 
  • Bekrefting på føresettes samtykke til tilvising. 
  • Søsken, halvsøsken og andre i familiens omsorg. Angi namn, kjønn og alder.
  • Diagnose/diagnosar ved tilvisingstidspunktet.  
  • Aktuelle problemstillingar og ønska målsetting med tilvisinga. 
  • Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar. 
  • Legemiddel som er i bruk.  
  • Sentrale instansar (helsestasjon/skulehelseteneste, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skule, avlasting, PPT, BUP, barneverntenesta), med namn på kontaktperson og telefonnummer.  
  • Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane. 
  • Er det oppretta kommunal koordinator? I så fall, oppgi namn og telefonnummer. 
  • Er det oppretta ansvarsgruppe? 
  • Er det utarbeidd individuell plan? I så fall, oppgi namn og telefonnummer til koordinator. 
  • Er det aktuelt med arbeid knytt til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9? (Rettssikkerheit ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming)? Er i så fall overordna fagleg ansvarleg kjent med at det er sendt tilvising? 
  • Dersom pasienten blir tilvist av annan lege enn fastlege, oppgi fastlegens namn, adresse og telefonnummer.  
  • Namn og kontaktinformasjon til medtilvisar (dersom ikkje lege er den som skal stå for kontinuerleg kontakt med habiliteringstenesta).


Før

Før du kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
  • språk, forståing og kommunikasjon
  • bevegelse/motorikk
  • deltaking, leik og samhandling
  • dagleglivets aktivitetar – slik som eting og forflytting
  • søvn 
  • tidlegare sjukdommar og sjukehusopphald
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.

Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.

Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.



Under

Dere vil bli tatt imot og gitt informasjon om hva som skal skje og hvem dere vil møte. Som regel vil dere møte fagpersoner med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, ergoterapeut, fysioterapeut, sykepleier og sosionom.

Utredningen bygger på den oppfølging som er gitt tidligere og kan være satt sammen av samtaler, observasjoner og undersøkelser av barnet eller ungdommen.

Ofte blir det gjennomført en observasjon av barnet eller ungdommen i hjemmemiljø, barnehage eller skole.
I løpet av utredningen kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkelser ved andre avdelinger i sykehuset. HABU vil da sørge for en videre henvisning.

Etter

Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.

Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen. 

Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.


Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.

Helse Fonna

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag 08:00 - 15:00
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT