Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Habilitering - Spise og ernæringsvansker hos voksne med funksjonsnedsettelse

Vanskar med omsyn til munnmotorikk, inntak av mat, mattoleranse, matlyst og/eller vekt, kan førekomme hos vaksne med funksjonsnedsetting i ulik grad. Årsakene kan vere fleire og samansette. Om ein vaksen med funksjonsnedsetting har så komplekse og omfattande ete- og ernæringsvanskar at det er behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta, kan det tilvisast til habiliteringstenesta for vaksne.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som tilviser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.

Formålet med ei sjekkliste er å bidra til at tilvisingane har rett og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestene kan gjere ei rettsvurdering på bakgrunn av «Prioriteringsrettleiar – Habilitering av vaksne i spesialisthelsetenesta».

Det er forventa at det er gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga.

Pasienten skal samtykke til tilvisinga. Dersom pasienten ikkje er samtykkekompetent på dette området, skal næraste pårørande informerast om tilvisinga.

Sjekkliste

  • Namnet til pasienten, fødselsnummer, adresse og telefonnummer
  • Namn, adresse og telefonnummer til pårørande, primærkontakt og/eller verje
  • Diagnose(r) på tilvisingstidspunktet
  • Aktuelle problemstillingar. Det må komme tydeleg fram:
    • kva som blir ønskt greidd ut
    • kva tilvisar er bekymra for/mistenker
    • kva tiltak som er sett i gang i kommunen
    • ved behov for rettleiing – på kva arena det er ønskeleg
  • Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar
  • Rapportar frå tidlegare utgreiing
  • Legemiddel som er i bruk
  • Namnet, telefonnummeret og adressa til fastlegen
  • Namn og kontaktinformasjon til medtilvisar
  • Namn og kontaktinformasjon til aktuelle samarbeidspartnarar (kommunal koordinator, skole/arbeidsgivar, fysio-/ergoterapiteneste, anna spesialisthelseteneste, NAV)
  • Er det oppretta ansvarsgruppe?
  • Er det utarbeidd individuell plan?
  • Er det aktuelt med arbeid knytt til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9?
  • Namn og kontaktinformasjon til overordna fagleg ansvarleg
  • Er behov for tolk, og på kva språk/dialekt?

Før

Før du møter til utgreiing hos oss, ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld

  • eting og gjennomføring av måltid
  • munnmotorikk
  • kommunikasjon (som blikkontakt, talespråk, mimikk)
  • samhandling
  • matvanar
  • fysisk aktivitet
  • høgde og vekt

Informasjon om utviklingshistoria di er viktig for utgreiinga. Vi vil derfor at ein som kjenner deg godt, blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.

Dersom du har hjelpemiddel som er i jamleg bruk, ta dei med deg. Eksempel er hjelpemiddel til forflytting eller kommunikasjon.

Under

Møter med HAVO kan foregå på sykehuset, i din kommune eller hjemme hos deg.

Møtet starter med at vi gir deg informasjon om hva som skal skje og hvem du møter. Som regel vil du møte fagpersoner med ulik bakgrunn.

Utredningen er satt sammen av samtaler, observasjoner og undersøkelser. Hele eller deler av utredningen kan bli gjennomført der du bor.

I løpet av utredningen kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkelser ved andre avdelinger i sykehuset. Habiliteringstjenesten for voksne henviser deg videre.

Etter

Du får informasjon om resultata av utgreiinga.

Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.

Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO, står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har tilvist deg til utgreiinga.

Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.

Helse Fonna

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag 08:00 - 15:00
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT