Undersøkingar og utstyr
Vi nyttar avansert medisinsk teknisk utstyr under undersøkingar.
MR (magnetisk resonans)
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.
Røntgenstråling
Vi nyttar røntgenstråler til å ta bilde av blant anna lunger og skjelett
CT er ein type røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar.
Nukleærmedisin
Vi nyttar radioaktive legemidlar til å avbilde pasienter ved hjelp av gammakamera og i nokre tilfelle CT, til dømes for å kunne vise kreftspredning i skjelettet.
Ultralyd
Ultralyd er høgfrekvente lydbølger som sendes gjennom kroppen for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling.
Vevsprøvar (biopsiar)
Vi tek vevsprøvar av blant anna av lever og nyrer på ultralyd, og lunger på CT.
Vevsprøvar frå bryst blir vanlegvis tatt ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad.
Gå til "Behandlingar" nedst på avdelingssida vår for å sjå alle undersøkingane våre.