Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Et par kvinner i hvite frakker som ser på en baby i en sykehusseng

Nyføddintensiv

Vi behandlar nyfødde barn med behov for ekstra observasjon eller behandling utover det barselavdelinga kan gi. For tidleg fødde barn mellom svangerskapsveke 28 og 35 blir alltid innlagd hos oss.

Nyfødde som er sjuke eller har andre forbigåande utfordringar kan bli innlagd hos oss. Dette kan vere nyfødde med infeksjonar, syndrom, ernæringsvanskar eller barn av rusmisbrukande mødrer.

I tillegg behandler vi barn under seks månadar som treng meir behandling enn det barneavdelinga kan tilby. Det kan vere luftvegsinfeksjonar der barnet treng pustestøtte. Desse barna blir innlagd på isolatet på nyføddintensiv.

Nokre barn er innlagte kort tid, kanskje bare nokre timar, mens andre er innlagd i dagar, veker eller månader. 

Familiesentrert

Vi arbeider ut frå en familiesentrert nyføddomsorg. Det inneber at foreldrene skal kunne vere hos barnet sitt så mye som mogleg, og vere mest mogleg delaktig i pleie. Nokre barn er innlagd i kort tid, kanskje berre nokre timar, mens andre må vere her i dagar, veker eller månadar.

Foreldre har ulike behov. Vi som jobbar på nyføddintensiv vil gjere vårt beste for å hjelpe familien gjennom det som kan vere ein tøff periode. De vil bli kjent med fleire sjukepleiarar og legar under opphaldet, men vi forsøker at alle får ein kontaktsjukepleiar som blir ekstra godt kjent med dykk og barna deira.

Avdelinga vår er bygd rundt prinsippa om familiebasert nyføddomsorg og kenguruomsorg. Vi vil tilretteleggje slik at de kan vere mest mogleg saman frå barnet blir fødd til de reiser heim.

Kva er kenguruomsorg?

Kenguruomsorg betyr at de som foreldre har barnet tett inntil dykk, hud mot hud, så tidleg som mogleg etter fødselen. Forskning viser at direkte hudkontakt med foreldra er det beste for premature eller sjuke nyfødde barn. Dette har mange fordelar for barnet, og tilpassinga til livet utanfor livmora blir enklare.

Foreldra sin nærver er med på å påverke barnets søvn, velvære, tryggleik, vektoppgang, og kroppstemperaturen blir meir stabil. Det stimulerer også barnet til å suge.

Foreldra sin favn blir ein naturleg forlenging av svangerskapet. Barnet kan høyre den kjente stemma og kjenne seg trygg. Dei fleste foreldra føler seg også tryggast når dei kan vere nært barnet sitt, og det gir nærheit og tryggleik. Dei positive kjenslene for barnet styrkjer seg. Nærheita gjer det lettare å forstå barnets signal og behov, som når barnet vil die. Hudkontakten mellom mor og barn aukar også mjølkeproduksjonen.

Kenguruomsorg blir rekna som ein del av behandlinga for barnet, og vi ønsker at de fører oversikt over kor mange timar per døgn barnet er hud-mot-hud.

Dette skjer på eit eige skjema. Personalet vil vise korleis de fyller det ut.

Korleis gjer vi det?

Barnet ligg nakent, berre med ei bleie på, hud-mot-hud med dykk så mykje som mogleg gjennom døgnet. Barnet blir plassert i stilling kalla kenguruposisjon. Barnet blir plassert vertikalt på mors eller fars bryst, hud mot hud. Armar og bein er bøyde, som i froskestilling, og hovudet er venta til sida utan at nakken strekkjer seg. Barnets brystbein er i høgde med foreldra sitt brystbein.

Personalet vil hjelpe dykk med planlegging, gjennomføring og støtte ut frå barnet sine behov og forutsetningar.

Det er viktig med god døgnrytme både for foreldre og barnet. Vi ønsker at de har stått opp og er klar for dagen før kl. 09. Da startar dei daglege rutinane og vi gjer oss klar for legevisitt.

Vaktskifte: kl. 7:30-08:00

Legevisitt: kl. 9:30 og utover (kan variere)

Stilletime: kl. 13-14 (ansatte har rapport/fag)

Vaktskifte: kl. 14:30-15:00

Vaktskifte: kl. 22:00 – 22:30

Stilletime

Personalet har rapport/fag kvar dag kl. 13-14. Vi ønskjer at så mange av personalet som mogleg får delta på dette. Difor er det fint om du er saman med barnet ditt i denne perioden. Vi vil vere tilgjengeleg ved behov.

For tidleg fødde barn og sjuke nyfødde er ekstra sårbare for smittsame sjukdommar. God hygiene er difor viktig. I sjukehusmiljøet er det fleire og meir motstandsdyktige bakteriar enn heime hos dykk sjølve. Nokre bakteriar er meir aggressive og kan føre til alvorlege infeksjonar.

Les meir om våre hygienereglar

Dei fleste barna får mat 7-8 gonger i døgnet, men det kan vere forskjellar. Tidene kan variere og blir avtalt med den som passar barnet.

Vi vil legge tilrette for at mor og barn skal få etablere gode ammerutinar så tidleg som mogleg.

I tillegg til amming vil det i starten vere aktuelt å gi barnet mat med kopp eller sonde, til barnet klarer å spise sjølv.

Barn med fødselsvekt under 2500 gram før tilskot av vitaminar og jern.

 

Begge foreldre har rett til å få mat medan barnet er innlagd på nyføddintensiv.

Foreldre kan bruke kantina i 3. etasje ved barneavdelinga. Her blir det servert frukost, lunsj og middag.

Sen kveldsmat blir sett i kjøleskapet på tekjøkkenet utanfor foreldreromma samstundes som kveldsmat blir servert i kantina.

Middag

Vi bestiller middag kvar dag etter kor mange som skal ha middag. De har sjølve ansvar for å skrive dykk opp på tavla som heng på veggen i gangen inn til avdelinga kvar dag.

Kvar morgon rundt kl. 09 bestiller vi middag og stryk deretter ut middagsbestillinga slik at de kan skrive dykk på for neste dag. Det vert hengt opp middagsliste kvar søndag slik at de kan sjå kva som er til middag.

Tekjøkken

Det er eit lite tekjøkken utanfor familierom 6. Her er det mikrobølgeomn, kaffemaskin, kjøleskap og oppvaskmaskin. De kan bruke tekjøkkenet fritt, men de må halde orden, då det ikkje er kjøkkenpersonale som tek seg av det rommet.

Brukar de oppvaskmaskinen må de sørgje for å sette den på, og ta ut av reint kjørel etterpå. Fat, glas, bestikk o.l. skal alltid takast med tilbake til kantina.

Kantine i 3. etasje

Opningstider:

  • Frukost: kl. 08.00 – 09.30
  • Lunsj: kl. 11.30 – 13.00
  • Middag: kl. 14.15 – 15.45
  • Kvelds: kl. 18.30 – 19.30

Kantine i 6. etasje

Ved bruk av kantine i 6. etasje, må de betale sjølve.

Opningstider:

  • Kvardagar: kl. 09.30 – 15.15
  • Helg og heilagdagar: Stengt

Narvesen kiosk i 1. etasje

Opningstider:

  • Kvardagar: kl. 06.30 – 21.00
  • Laurdag: 09.00 – 21.00
  • Søndag: 10.00 – 21.00

Nyføddintensiv har mykje teknisk utstyr. Det kan vere skremmande for foreldre og besøkande å sjå barn med slangar og leidningar festa til kroppen, og å høyre apparat som stadig alarmerer.

Utstyret er likevel gode hjelpemiddel for oss i overvaking og behandling av barna. Det gir oss viktig informasjon om barnet sin tilstand, slik at vi til ei kvar tid kan observere endringar og setje i verk tiltak.

Vi har 6 kuvøserom på avdelinga. Hovudsakleg har vi eitt barn på kvart rom, men dersom det er mange barn innlagt må romma delast opp.

Et rom med medisinsk utstyr
Kuvøserom

 

Besøksregler og -tider

Besøk skal alltid avtalast med sjukepleiar på førehand og skal helst skje mellom kl. 17:00 og 18:30.

Ikkje kom viss du er sjuk

Mange av barna som ligg her er veldig utsette for infeksjonar. For å redusere infeksjonsfaren må alle som besøker barnet vere friske. Det vil seie at ein ikkje har infeksjonssjukdomar, forkjøling, influensa eller oppkast/diaré. Foreldre/besøkande med herpes munnsår skal ikkje opphalde seg på avdelinga. Det bør startast antiviral behandling og såret bør vere tørt før ein kjem inn på avdelinga igjen.

Ikkje ver lenge

Besøkande utanom foreldre og søsken skal berre opphalde seg kort tid inne hos barnet. Lengre besøk etter avtale. Samstundes ber vi om at de berre tek med to besøkjande om gongen. Dette av omsyn til dei små barna som treng ro. Yttertøy må takast av før de kjem inn på avdelinga. Vi har garderobe i gangen med skap som de kan låne hengelås til.

Barn under 7 år

Vi tillèt ikkje besøk av barn som ikkje er søsken. Dersom søsken er under 7 år, må du avtale med sjukepleiar før dei får komme på besøk. De bør førebu søsken på kva som vil møte dei på avdelinga før dei kjem, slik at dei veit kva som ventar dei.

Lyd og lukt

Hugs at de går inn på barna sitt soverom. Ver venleg og snakk med dempa stemme. Lyd er mykje sansestimuli for barnet, og kan vere belastande. Vi ber om at besøkjande vel duftsvake produkt, då sterke lukter òg kan vere belastande for barnet.

Gratulerer med barnebarnet!

Som besteforeldre kan ein oppleve at gleda over barnebarnet blir blanda med bekymringar for barnets helse og korleis dottera eller sonen din opplever å ha eit for tidleg fødd eller sjukt barn.

Vi har samla nokre råd til kva du som besteforelder kan gjere for både barn og barnebarn, sjå Heimeoppfølging av nyfødde - Helse Fonna HF

Reiser du til eller frå offentleg godkjent behandling, kan du ha rett på å få dekt nødvendige utgifter til reise.

Pasientreiser koordinerer transport av pasientar til og frå behandling på sjukehuset.

Kontakt pasientreiser på telefon 05515 eller gå til Pasientreiser - Helse Fonna HF

Du kan ha rett til pleiepengar dersom:

  • Du er medlem av folketrygda. Bur du i Noreg, er du vanlegvis medlem av folketrygda (nav.no).
  • Du har omsorg for barnet i perioden du søkjer for.
  • Barnet har vore til behandling/utgreiing på sjukehus eller annan spesialisthelseteneste.
  • Du er saman med barnet medan det er innlagt, eller du er heime fordi barnet treng pleie heile tida.
  • Du har vore i jobb i minst 4 veker umiddelbart før pleiepengeperioden startar (sjå informasjon om unntak frå dette litt lenger nede på sida).
  • Du har minst 20 prosent fråvær frå arbeidstida di.
  • Inntekta di svarer til minst halvparten av grunnbeløpet (nav.no) i folketrygda.

Fleire omsorgspersonar

To omsorgspersonar kan søkje pleiepengar samtidig. Når eit barn er innlagd på sjukehus, har begge foreldra som hovudregel rett til pleiepengar. Begge foreldra må i så fall vere til stades for barnet på sjukehuset. Det same gjeld dersom barnet har oppfølging frå den ambulerande sjukepleietenesta (NAST) til Nyføddavdelinga heime.

Legevurdering

Legen vurderer om det vil vere behov for oppfølging frå éin eller to omsorgspersonar i perioden på sjukehus og heime.

For å ha rett til pleiepengar må du ha omsorg for barnet (det vil seie at barnet bur fast hos deg).

Også andre omsorgspersonar enn foreldra kan ha rett til pleiepengar dersom dei heilt eller delvis har omsorg for barnet. Dette kan til dømes vere besteforeldre, tante eller onkel, vaksne søsken, andre familiemedlemmer eller andre nærståande.

Kva kan du få dekka?

Pleiepengane blir rekna på same måte som sjukepengar (nav.no). Berekningsgrunnlaget blir fastsett ut frå dokumentert inntekt på det tidspunktet du søkjer pleiepengar frå.

Inntekt opptil 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda (nav.no) blir tatt med i berekningsgrunnlaget. Du får pleiepengar for 5 dagar i veka, men ikkje for laurdag og søndag. Arbeidsgjevaren din kan forskottere pleiepengar og krevje refusjon frå NAV.

Kva skjer vidare?

Lege på sjukehuset fyller ut skjemaet som du får tilgang til via Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge. Følg instruksjonane du får der, så vil prosessen gå som planlagd.

Søknadsfrist

NAV kan gi pleiepengar for opptil 3 månader før den månaden du søkte. Søker du til dømes om pleiepengar for juni, må NAV ha søknaden seinast i september.

Les utfyllande informasjon om pleiepengar på www.nav.no, eller ring NAV på telefon 55 55 33 33.

Foreldre har rett til all informasjon om sitt eige barn. Personalet har tausheitsplikt og kan ikkje svare på spørsmål om andre barn. Vi kan heller ikkje svare på telefonar frå familie og venner utan samtykke frå barnets foreldre.

Gi oss beskjed dersom nokon skal besøke barnet ditt utan at du er til stades.

Du har elektronisk tilgang til barnet sitt journal via Helsenorge.

Heimesjukehus for tidleg fødde og sjuke nyfødde

Nyføddintensiv tilbyr heimeoppfølging (heimesjukehus) for tidleg fødde og sjuke nyfødde som kan reise heim tidleg. Dette er eit frivillig tilbod til foreldre om vidare oppfølging frå nyføddintensiv via heimebesøk, video- eller telefonkonsultasjon.

Behandlingstilbodet er også kjent som NAST (Nyføddintensiv ambulerande sjukepleieteneste).

Her finn du også informasjon og råd om pleie av for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn.

Heimeoppfølging av nyfødde
En penn på et stykke papir

Kontakt

Døgnopen vakttelefon

Foreldre kan når som helst ringe avdelinga.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje, ny vestblokk. Følg skilting til Nyføddintensiv.  

Poliklinisk oppmøte: Følg skilt til poliklinikk. Du skal da gå litt forbi døra til nyføddavdelinga. Gå ned den lange gangen, ta så til høgre og inn på rommet som er merka med poliklinikk. Ring på snora på veggen for å komme i kontakt med oss.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

      Einingar

      0 treff
        Sjekk stavinga og prøv eventuelt eit anna ord.