Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Blodgivar

Vi har ofte behov for blod i behandling av pasientar og vi er avhengig av dei som donerer blod til oss. Du kan melde deg som blodgivar på giblod.no.

Haugesund

  • Måndag til onsdag kl. 07.30 - 14.15
  • Torsdag kl. 07.30 - 16.30.
  • Fredag kl. 07.30 - 13.00.

Oppmøtestad: Haugesund sjukehus.

Telefon: 52 73 22 81.  

Blodbanken Haugesund

Stord

Måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00. 

Oppmøtestad: Stord sjukehus.

Telefon: 53 49 10 90.  

Blodbanken Stord

Odda

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00. 

Oppmøtestad: Odda sjukehus.

Telefon: 91 24 59 96 / 53 65 11 23.  

Blodbanken Odda

Sauda

Vi har ein tappestasjon i Sauda. Kontakt oss på telefon: 52 73 22 81.

Vil du gi blod?

Vi har alltid behov for nye blodgivarar!

Gå til giblod.no for å melde deg som blodgivar. Her kan du også lese kven som kan bli blodgivar. 

Vi oppfordrar blodgivarar til å laste ned appen «Blodbanken».

Viss du har spørsmål knytt til blodgiving, er du også velkomen til å ta kontakt med oss. 

Kvifor treng vi blodgivarar?

Blod kan ikkje lagast kunstig. Vi treng mange blodgivarar for å kunne gi livsviktig behandling i samband med sjukdom, ulukker, kompliserte fødslar og skader.

Blodet frå blodgivarar blir klargjort og delt i ulike blodprodukt: Røde blodceller, blodplater og plasma. Blod frå ein givar kan dermed hjelpe tre pasientar.  

Blodet kan berre lagrast i 35 dagar. Blodbanken treng derfor jamleg påfyll for å oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blod.

Sist oppdatert 07.02.2025