Oppnår ein ikkje semje, vert det oppretta ein usemjeprotokoll som vert send til lokalt tvisteløysingsorgan for drøfting og tilråding av løysing.
Oppnår ein ikkje semje om å følgje tilrådinga, skal saka sendast til nasjonalt tvisteløysingsorgan. I saker der partane ikkje er samde om at uttale frå nasjonalt tvisteløysingsorgan skal vera bindande, kan kvar av partane bringa saka inn for dei ordinære domstolane med Haugaland tingrett som verneting.
Medlem tvisteløysingsorganet
Tvisteløysingsorganet består av seks medlemmer, to frå kvar av partane og to brukarrepresentantar.
Utvalet sine kommunale medlemmer er oppnemnde av KS etter innstilling frå kommunane. Helseføretaket sine medlemmer er oppnemnde av administrerande direktør i føretaket og brukarrepresentantane er oppnemnde av Helse Fonna sitt brukarutval.
Frå Helse Fonna
Lucie Christensen BergeForetaksjurist Helse Fonna
Frå Brukarutvalet
Anne Gurine SætreElse Berit IngvaldsenFrå kommunane
Karin Margrethe VedøKommuneadvokat Karmøy kommuneAnne Tangen RørdalVirksomhetsleder (PLP) Kvinnherad kommune