Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

​Kva er lungerehabilitering?

Rehabiliteringsprogrammet går over fem veker og inneheld fysisk trening, ernæringsrettleiing, sjukdomslære, medisinsk behandling og anfallsmestring.

Gjennom programmet får du moglegheit til å vere aktivt involvert i din eigen helseomsorg og dermed få betre livskvalitet og mindre pusteproblem.

Ofte opplever kursdeltakarane at dei får svar på mange av dei spørsmåla dei har stilt seg sjølv i etterkant av diagnosen, som for eksempel:

  • Kvifor er eg så tung i pusten?
  • Korleis verker medisinane?
  • Kan eg trene?
  • Er det farleg å bli tungpusta?

Tverrfagleg team følgjer deg opp

 
I rehabiliteringskurset er vi fleire helsefaggrupper som jobbar saman i eit team. Undervegs blir vi godt kjent med mange deltakarar.

Målet med rehabiliteringa

 
Vårt mål med lungerehabiliteringskurset er at vi saman skal jobbe for at du skal få mildare symptom, bli meir uthaldande og få auka livskvalitet.

Ønskjer du å delta på kurs?

Det einaste du treng å gjere er å be fastlegen din sende en tilvising til oss. Når vi får tilvisinga kallar vi deg inn til enkel testing av lunge- og hjartefunksjon for å finne ut om du kan delta på eit av våre kurs.

Tilvisingsadresse (for fastlege):

Haugesund sjukehus, lungepoliklinikken
Postboks 2170, 5504 Haugesund
Telefon: 52 73 25 55

Ved kurset deltek 8-10 deltakarar i ei gruppe. Det går over fem veker, to dagar kvar veke. Kursdagane inneheld undervising, trening og ein god lunsj.

Du må betale ein liten eigenandel for kurset, men dette får du informasjon om ved innkalling, før du eventuelt vel å delta.

Livet med KOLS - eigeninnsats

Livet med KOLS - eigenbehandlingsplan

Sist oppdatert 29.09.2016