Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Luftvegsinfeksjonar

Kva gjer du viss du er sjuk eller mistenker at du er smitta av luftvegsomfeksjonar?
 
 
Har du luftveissymptomer, kan bruk av munnbind og/eller å holde avstand redusere risikoen for at du smitter andre. 
 
​Helse Fonna følgjer nasjonale råd frå Folkehelseinstituttet.
 

Vi oppmodar alle om å møte til timen sin, men ber deg ta kontakt med oss på førehand dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust, endra smaks- eller luktesans). 
 
Bruk www.helsenorge.no for å sende oss melding dersom det er meir enn 48 timar til timen din. Ring 52 73 90 00 dersom det er kortare enn 48 timar til timen din. Vi beklagar at vi kan ha lang ventetid på telefon.
 

Dersom du har time på sjukehuset og må ha med deg ledsagar, skal vi legge til rette for det. 

Vi vil legge til rette for besøk/følgje til pasientar i størst mogeleg grad.

  • Visittida er 17.00-18.30
Har du luftvegsinfeksjon? Då ber vi om at du ikkje kjem på besøk.
 
Skal du besøke alvorleg sjuke og fødande? Vi ber då om at du kontaktar den aktuelle avdelinga på førehand for avtale.
 






Sist oppdatert 24.10.2025