Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Traineeprogram for sjukepleiarar

Helse Fonna tilbyr traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Gjennom traineeordningen vil vi gi deg som sjukepleiar god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gir unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i den vidare karrieren din som sjukepleiar.

Traineesjukepleiarane blir tilsett i 100 % fast stilling i Helse Fonna HF og traineeperioden strekk seg over to år.

Søk på traineejobb

Ei traineestilling er den beste starten du kan få på karrieren din som sjukepleiar. Du får ei unik kompetanseutvikling og 100 prosent fast stilling med full løn frå første dag.
 

Traineeprogrammet inneber ei oppstartsamling, fagdagar og grupperettleiing. I løpet av perioden vil du vere innom tre ulike avdelingar ved sjukehuset. Du blir veldig godt kjent med sjukehuset og opparbeide deg unik kunnskap frå fleire fagfelt. 

Du vil få god forståing for arbeidet i dei ulike avdelingane, noko som vil bli ei verdifull erfaring for deg.

Traineesjukepleiarar er ettertrakta for den breie kompetansen og erfaringane dei har fått. Frå ei traineestilling tar du med deg brei kunnskap, gode kolleger og fast jobb i Helse Fonna. 

Etter endt program fortsetter tilsettingsforholdet i Bemanningssenteret i Helse Fonna HF.

Som traineesjukepleiar følgjer du den ordinære opplæringa, og får same oppfølging som blir gitt til nytilsette sjukepleiarar.

Traineestillingane inngår i arbeidsplanar og den daglege drifta, vanlegvis 3-delt turnus (vakter dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.

Vi ser etter deg som

  • Er fagleg sterk og har gode praktiske ferdigheiter
  • Likar utfordringar
  • Er fleksibel
  • Trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
  • Er positiv og stolt av sjukepleiaryrket
  • Har engasjement for pasientane
  • Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver
  • Er modig og motivert for variert arbeidserfaring
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er sjølvstendig, men samarbeidar godt med andre 

Kva kan vi tilby deg?

  • Faglege utfordringar som gir deg breiddekompetanse og organisatorisk kompetanse​

Sist oppdatert 04.03.2024