Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Noen få kvinner iført skrubb

Kvardagen på operasjonsstovene

Ei eiga, kanskje litt lukka verd med sin grøne dresskode. Velkommen til operasjonsavdelinga.

Eirik Dankel
Publisert 21.06.2024

Sidan 1986 har funksjonsleiar Anne Kari Kylland jobba som operasjonssjukepleiar i Haugesund. At ho, og mange av kollegaene her, har blitt i jobben i lang tid er ikkje tilfeldig.

Maria-Linn Johansen Kalvatn starta reisa hausten 2023. Då var ho nyutdanna operasjonssjukepleiar. Før har jo jobba på blant anna kirurgisk poliklinikk.

Aldri kjedeleg er ein oppbrukt klisjé

Men den er sann. I alle fall om dagane på operasjonsavdelinga, skal vi tru desse to.

For sjølv om det meste er planlagt for dagen, er det slett ikkje slik det treng bli. I gangen står ulike traller klare med utstyr for alt vi ikkje kan planlegge: Hastekeisarsnitt, aorta, ulykker. På lager er det reolar opp og ned med alt ein treng.

– Vi veit jo ikkje når noko uventa skjer. Plutseleg må vi ned til akuttmottaket og noko planlagt må bli sett på vent. Ikkje kan vi styre veret heller, så kanskje må vi operere nokon her fordi vi ikkje kan flytte pasienten. Då kan det stå om livet.

Litt som på Netflix?

– Nei, du står ikkje berre der og gir riktig instrument til kirurg, seier Maria-Linn.

– Du har ansvar for éin pasient.

Akkurat det er ein viktig forskjell frå mange andre stader på sjukehuset.

– Er du på post har du mange pasientar. Her kan du verkeleg sjå pasienten din. Den eine. 

For når pasient er kome inn i operasjonsstova er det operasjonssjukepleiarane som har ansvaret.

– Vi veit korleis dei skal ligge, både kva som er best for den enkelte og korleis dei faktisk må ligge slik at vi kjem til der vi skal, forklarar Anne Kari.

– Og så har vi oversikt og veit kva utstyr som skal nyttast. Her inne kan det vere mange brett med utstyr som trengs til ein operasjon. Då må vi også kjenne prosedyre for kva som skal gjerast og kva behov lege har.

Et rom med en seng og datamaskiner
Å vere ein del teamet

Jobben inne på stova er saman med dykitge kollegaer. Her inne får du også tid til pasienten, den eine de har ansvar for.

Søk på jobb som operasjonssjukepleiar

Kanskje tenkjer du no at dette er skummelt? At det er litt mykje å halde styr på?

 – Her får du masse dyktige kollegaer, forsikrar Anne Kari. – Dess meir erfaring du får, dess meir ansvar får du.

På operasjonsstovene jobbar dei alltid i team og har eit nært samarbeid med alle i teamet, særleg anestesisjukepleiar.  Eitt team består av to operasjonssjukepleiarar og éin anestesisjukepleiar. Anestesilege er alltid knytt til teamet, og kirurg. Det kan være ein eller fleire kirurgar som stå for operasjonen.

 Maria-Linn som er ny i jobben, har førebels hatt arbeidsdagen mest på dagtid. Men også noko kveld og natt for å lære.

 – Det skjer ting kvar gong vi er på jobb, vi kjedar oss aldri, men skummelt? Nei, svarar ho.

Dette gjer du som operasjonssjukepleiar

Kanskje tenkjer du at dette kan vere noko for deg. Du berre treng å vite litt til, ikkje sant?

Operasjonssjukepleiarane er, som nemnt over, ein del av eit team og har forskjellige funksjonar. Det vil altså vere to operasjonssjukepleiarar i kvart team. Her er kort rollefordelinga:

Ein av dei kler seg i sterile klede og skal ta seg av alle instrumenta og alt sterilt utstyr under operasjonen, samt assistere lege for kva dei treng. 

Den andre operasjonssjukepleiaren går det dei kallar til hande under operasjonen. Det vil seie å passe på at pasienten ligg godt og i riktig leie, vaske operasjonsstaden og gjere klart til operasjon: Slangar og leidningar blir kopla til apparat. Undervegs vil denne operasjonssjukepleiaren også forsyne operasjonsteamet med det dei trenger.  

– Det er vanleg at vi bytter på oppgåvene, seier Anne Kari. – Den som har stått i steril ved eit inngrep går til hande ved neste inngrep. 

Maria-Linn og Anne Kari ønskjer seg nye kollegaer.

– Vi treng deg som vil bli operasjonssjukepleiarar. Verkeleg. Velkommen inn til oss.

Livet på operasjonsavdelinga

Få sluttar i jobben på operasjonsavdelinga i Haugesund. Det er ein god ting på mange måtar.

Operasjonssjukepleiar
En gruppe grønne sko på en hylle