Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lærling

Helse Fonna  har nærare 40 lærlingar i ambulansefag, helsefagarbeidar og ernæringskokk. Lærlingane er tilknytta fleire lærestader ved våre lokasjonar i Rogaland og Vestland. Velkommen som søkar.

Krav til deg som søker lærlingplass

Fagutdanning er normalt ei fireårig utdanning der to år er i skule og to år er i bedrift. Vi stiller i utgangspunktet krav til bestått Vg1 og Vg2 i den utdanningsretninga du søkjer lærlingplass innan. 

Dersom du har tatt Vg1 eller Vg2 som etter- og vidareutdanning, ta kontakt med fylkeskommunen din for å få informasjon om lengden på læretida.
I tillegg til bestått grunnutdanning, stiller vi krav til gode karakterer, lite fråvær, personlege eigenskapart og ein god søknad.

Ambulansefag har eigne fysiske opptakskrav og arrangerer fysiske testar i forkant av endeleg opptak. Søkjarar må tilfredsstille helsekrava for førarkort klasse D og ha god fysisk og psykisk helse.

Vi forventar at våre lærlingar til ei kvar tid følgjer gjeldande lov- og avtaleverk og arbeidsreglementet for Helse Fonna. I læretida forventar vi at:

  • Du møter presist, har skifta og er klar på arbeidsplassen når arbeidsdagen startar.
  • Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø ved å vise god folkeskikk og høflegheit.
  • Du stiller på eventuelle kurs og lærlingsamlingar du blir tilbode.
  • Du viser engasjement og interesse for ditt fagfelt.
  • Du tar ansvar for eiga læring og jobbar systematisk fram mot fagprøve.
  • Du er audmjuk overfor dine kollegaer og medlærlingar når det gjeld andres kunnskap og erfaring.
  • Du tar initiativ og tilbyr deg å hjelpe kolleger og pasientar.    

Ambulansearbeidarar er bindeleddet mellom pasienten, sjukehuset og anna helseteneste. Dei rykkjer ut og transporterer pasienter forsvarleg. Ambulansearbeidarar undersøkjer, observerer og identifiserer svikt i vitale organfunksjonar hos pasientar, samt prioriterer mellom pasientar i akuttsituasjonar når fleire er skadde.
Ambulansearbeidarar med fagbrev kan jobbe i offentlege og private sjukehus og som koordinatorar ved AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral). Les meir om ambulansefag hos utdanning.no.

Personlege eigenskaper

  • God fysisk og psykisk helse. Det er definerte fysiske krav i Helse Fonna: Løpe 1000 meter på under 5 minutt, løfte bærestol med 80 kg opp og ned éin etasje tre gonger på under 8 minutt, bekrefte at du kan svømme.  
  • Motivasjon for å vere ambulanselærling
  • Evne til samhandling og samarbeid
  • Nøyaktig og pliktoppfyllande
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Pasientorientert
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Søkjarar som ikkje har fullført og bestått VG2 frå ordinær skule kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemnde studieretning før tiltreding. For deg som tek utdanninga som privatist må du ha bestått faget YFF på Vg1 og Vg 2.

Som helsefagarbeidar jobbar du med pasientar i alle aldre og i ulike livssituasjonar. Ein helsefagarbeidar hjelper pasientar med mellom anna personleg hygiene, måltid, bruk av tekniske hjelpemiddel og andre daglege gjeremål.
Helsefagarbeidaren kan jobbe i offentlege og private sjukehus, i heimetenesta, på sjukeheim, på bu- og servicesenter, i rusomsorgen, innan psykiatrien, i boligar for funksjonshemma eller psykisk utviklingshemma, ved opptrenings- og behandlingssentre og lignande. Les meir om helsefagarbeider hos utdanning.no.

Personlege eigenskaper

  • Motivasjon for å vere lærling
  • Evne til samhandling og samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Pasientorientert
  • Imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pliktoppfyllande og initiativrik
  • Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø

Som ernæringskokk har du ansvar for matomsorgen til pasientar eller brukarar som har behov for bistand til sitt  kosthald. Du skal planleggje og produsere alle måltid pasienten eller brukaren treng i løpet av eit døgn.

Søk no: Lærling: Ernæringskokk /  Institusjonskokk, 2021-2023

Mattilbodet skal oppfylle matloven med gjeldande forskrifter og ernæringsmessige kriterie, offentlege retningslinjer som dekkjer den enkeltes behov. 

Du skal vere i stand til å lage mat som gir positive opplevingar til både friske og sjuke. 

Som ernæringskokk kan du jobbe i offentlege og private institusjonar, som sjukehus, internat,  Forsvaret, eldresenter, sjukeheimar, fengsler og liknande. Les meir om ernæringskokk hos utdanning.no.

 Personlege eigenskaper

  • Interesse og motivasjon for faget
  • Ansvar for eiga læring
  • Stå på-vilje
  • God samarbeidsevne
  • Interesse og kunnskap om bruk av elektroniske hjelpemiddel og system
  • Interesse for å jobbe allsidig innan faget, frå planlegging via produksjon og servering til oppvask og skrubb

Kan eg sende søknad i posten?

Nei. Søknad må du sende via rekrutteringsportalen Webcruiter. Du finn lenke i sjølve stillingsannonsa. Stillingsannonse for lærling med oppstart kommande haust, blir utlyst i januar.

Kor mange lærlingar får kontrakt?

Vi tar inn 18-20 lærlingar kvar haust fordelt på dei tre yrkesretningane ambulansefag, helsefagarbeidar og ernæringskokk.

Kva er lite fråver?

Det er vanskeleg å gi eit eksakt svar i timar eller dagar. Det viktigaste er at du ikkje har eit stort ubegrunna/udokumentert fråver. Vi må kunne stole på at du kjem på jobb og gjer den jobben du skal.

Får eg jobb hos dykk etter læretida?

Vi kan ikkje love fast stilling til alle etter endt utdanning. For oss er det viktig å ta vår del av samfunnsansvaret og gi fleire moglegheit til å ta fagbrev.

Ambulansefag

Nora Apeland, nora.apeland@helse-fonna.no

Ernæringskokk

Olav Vikre, olav.vikre@helse-fonna.no, 52 73 29 63

Helsefagarbeider

Susanne Lund, susanne.lund@helse-fonna.no​, 52 73 21 06

Renhold og vaskeri

Mona LIsa Løhre, mona.lisa.lohre@helse-fonna.no  

Sist oppdatert 25.04.2023