Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lege

– Å kunne sykle til og frå arbeidsplassen på så kort tid er eit stort pluss.

Ida og Vidar er leger i Helse Fonna. (Foto)
Ekteparet Ida og Vidar jobbar begge i Helse Fonna.

Ida (38) og Vidar (44) er gift, foreldre til to jenter på 12 og 9 år, og tilsett i Helse Fonna – Ida som overlege, Vidar som røntgenlege på Haugesund sjukehus.

Med hus i Ramsdalen, syklar dei til jobb på berre 13 minutt. Den korte avstanden til arbeidsplassen gjer ein hektisk kvardag litt mindre travel.

– Å kunne sykle til jobb på så kort tid er eit stort pluss. Det gir mindre stress og utfordrande logistikk, og meir tid til fritid, hobbyar og kvarandre.

Ida, som blant anna har naturfotografering som lidenskap, er heilt enig.

– Det er også perfekt at både arbeidsplassen og heimen har fjord, fjell og flott natur i nærområdet.

Sist oppdatert 08.01.2026