Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stortrivst som LIS-2 på Stord sjukehus

Åshild (31) stortrivst som LIS-2 på Stord sjukehus. Her kan du lese meir om kvifor.

Åshild oftedal. (Foto)

Åshild Oftedal (31) starta som LIS-2 på Stord sjukehus i mars, og har funne seg godt til rette med gode kollegaer på Stord sjukehus. Og ho har fått fast jobb.

– Ja, det er lettare å få fast jobb på eit mindre sjukehus enn på eit stort, slår den ferske LIS-2-legen fast.

– Det er mange gode her. Forutan at det er lett å få fast jobb, så kan ein få støtte til bustad i starten. Så då er det jo ufarleg og flytte hit og prøve det for ein kortare eller lenger periode. I tillegg så får ein jobbe med fleire ting på eit lokalsjukehus. Vi er borti eit breitt utval av pasienttypar og sjukdommar, og det er god tilgang på prosedyrar, fortel Oftedal, som jobbar på medisinsk avdeling Somatikk Stord. Her jobbar ho tett i lag med overlegane, og det er gode læringsforhold.

Åshild-Oftedal---foto-Magne-Kydland-nett.jpeg
Vari​​erte dagar

31-åringen er fødd og oppvaksen på Stord, men hadde ikkje planlagt at det var på heimstaden ho skulle ende til slutt. Ho har jobba både på sjukehuset og den interkommunale legevakta medan ho studerte medisin i Bergen, og ho var turnuslege på Stord sjukehus. No er ho i staren av perioden som LIS-2 i generell indremedisin.

– Eg vart tilbydd fast stilling som LIS-2, og når eg er ferdig med spesialiseringa, er eg fast tilsett som legespesialist når den tid kjem. Men før det, må eg nok innom både Haugesund sjukehus og eit universitetssjukehus, for å nå alle læringsmåla. Men uansett så er det Helse Fonna som no skal syte for at eg blir spesialist, forklarar Oftedal.

Ein vanleg arbeidsdag startar med morgonmøte klokka 08, ofte med undervisning, og med rapport frå siste døgn. Så er det røntgenmøte klokka 08.30, der radiolog går gjennom røntgenbilete. Så er det anten visitt på sengepost, eller vakt. Og ein rullerer på kva sengepostar ein går på. Så møtest ein att klokka 12, for status, undervisning, eller ein kan spørje viss ein lurer på noko. Etter lunsj går tida stort sett med til skrivearbeid eller ein kan vere med på prosedyrar.

God ​​stad å bu

Åshild fortel at ein har god oversikt, og blir godt kjend med andre kollegaer og yrkesgrupper som er involvert i pasientbehandlinga på ein lokalsjukehus. Det gjev henne tryggleik i kvardagen. Og ho framhevar det sosiale miljøet i kollegiet.

– Kvifor bør LIS-legar søkje seg til Stord sjukehus?

– Forutan eit godt arbeids- og læringsmiljø, og godene eg har ramsa opp, så er Stord ein god stad å bu, både for ungar og vaksne. Her er eit rikt fritidstilbod, både innan sport og kultur, og det er lett å få barnehageplass. Det er korte avstandar, så ein slepp å bruke lang tid til jobb, og ikkje minst, så er det eit næringsliv som går så det susar, så det er lett å finne jobb dersom ein har med seg partner. Som sagt – eg trudde ikkje sjølv eg skulle ende opp her, men no er eg glad for at eg tok det valet, smiler Åshild Oftedal.

Sist oppdatert 10.05.2022