Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par kvinner i hvite frakker

Først og fremst veldig variert, og veldig kjekt

Anne Cristine Guzman Hjelmaas, Anna Tassinello og Lena Kovacevic er sjukepleiarar ved for Gastroenterologisk og nyremedisinsk post. Namnet er komplekst, det er ofte problemstillingane til pasientane også. Men å jobbe her er ei enkel avgjersle.

Publisert 06.08.2024
Sist oppdatert 14.08.2024

– Vi har knallkjekke kollegaer, godt humør og mykje latter i kvardagen.

Kven av dei tre som sa akkurat det, er ikkje sikkert. For ein eller annan gong i løpet av den siste halve timen har alle ytra akkurat det minst éin gong.

Action, gøy og masse nytt til både studentar og ringrevar

Fleire som no travar opp og ned gangen i femte etasje har vore her i praksis som studentar. (Og om du ikkje er student, så er det like mykje for deg.)

– Eg har jobba helg her medan eg studerte, seier Lena Kovacevic.

– Det er action, det er gøy. Mange som har vore i praksis her, har søkt om helgestilling. Som eg. Berre gjer det!

No har ho full stilling.

– Definitivt ei overgang, men sidan eg har vore her mykje kjenner eg til pasientgruppa og mange av problema deira.

For Lena måtte det bli nyre.

– Fagområdet er spennande med interessante pasientar. I starten følte eg at det var mykje, men eg kjem inn i det etterkvart. Som nyutdanna får eg mykje hjelp av  gode kollegaer. Då blir det ikkje skummelt. Men eg masar sikkert mykje, seier ho og ler.

Anne Cristine Guzman Hjelmaas kunne rekt opp handa no, for hennar inngong var lik.

– Eg hadde også praksis på gastro-nyre og synst det var spennande. Du blir godt teke i mot, ivareteke og så er det lærerikt. Her er det stor og variert med pasientgruppe og mange prosedyrar.

Anna Tassinello er studentansvarleg.

– Eg trur studentar trivst her. Når dei i tillegg vil jobbe her, er jo det ei god tilbakemelding.

Om du er student eller har solid erfaring, er det uansett meir å hente.

– Det som er gøy med indremedisin er at du bruker mykje av det du lærer. Du blir raskt god for alt heng saman. Ein ting er å lese det, ein annan ting er å sjå det sjølv.

Kvinner i hvite laboratoriefrakker
Det er action, det er gøy

– Tempoet er høgt, så arbeidsdagen går fort. Vi bretter opp ermene, men har samtidig tid til å samarbeide og hjelpe kvarandre. Liker du at det skjer litt, vil du like deg her.

Kva gjer dei eigentleg på sengeposten?

Det kan Silje og Gunn Helen forklare deg.

 

Fordi det er eit bra sted å jobbe

I tillegg til eit bra medisinsk team, trekk dei alle fram eit godt arbeidsmiljø.

–  Vi er eit ungt miljø, engasjerte og motiverer kvarandre, meiner Anna.

Anne er einig.

– Tempoet er høgt, så arbeidsdagen går fort. Vi bretter opp ermene, men har samtidig tid til å samarbeide og hjelpe kvarandre. Liker du at det skjer litt, vil du like deg her.

Det er alltid noko å sjå fram til, fagleg og sosialt.

– Vi har faste fagdagar i turnusen vår. Då får vi eksterne og interne  ressursar inn. Og vi har moglegheit for kurs og utdanning. Dessutan flytter vi etter kvart inn i nytt bygg. Det gler vi oss veldig til. Då skal vi ha tettare samarbeid med infeksjon.

Å bli betre kan vere ein ganske bra ting det også

– Vi jobbar heile tida med rutinane. Korleis vi kan gjere dei betre. Eg synst det gjer alt meir spennande, seier Anna.

– For det kan bli litt gammalt å gjere det same heile tida.

Om dei gjer noko som absolutt ikkje har med fag å gjere? Klart det, men det får du vite når du startar der.

En gruppe kvinner i hvite laboratoriefrakker
Gastromedisin og nyre er i vinden og du kan bli med

Anna, Anne, Silje, Lena og Gunn Helen jobbar alle på sengeposten i femte etasje.

– Vi har knallkjekke kollegaer, godt humør og mykje latter i kvardagen. Det er alltid noko å sjå fram til, fagleg og sosialt.

Jobb hos oss

Sjekk om vi ledige stillingar.