Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann og en kvinne som ser på en dataskjerm

Kva gjer dei på Gastroenterologisk og nyremedisinsk post?

Eller kanskje det burde stå kva dei ikkje gjer. Her er det heilheita som tel.

Publisert 06.08.2024
Sist oppdatert 14.08.2024

– Vi er ein medisinsk sengepost. Diagnosar for mage, tarm og lever og nyrer er vi spesialistar i.

Silje Berning er funksjonsleiar posten i Haugesund. Spørsmålet var kva pasientar dei har hos seg.

Men det stoppar faktisk ikkje der.

– Generell medisin, infeksjonar alt etter årtid, som Kols-pasientar når det er tida for luftvegsinfeksjonar. Etter jul kjem mange inn med hjarte- og galleproblem etter julematen, fortsett ho og ler.

Det gjer også kollega Gunn Helen Mehammer. Ho er fagansvarleg.

– Vi blir også gode på smittevern. Pasientar med mage- og tarmproblem kjem ofte inn der diaré er første symptom. Då startar vi med isolasjon for å unngå smitte.

Ho fortsett på lista.

– IBD, IBS, Crohns, magesmerteutgreiingar, transplantasjonar saman med Rikshospitalet, dialysepasientar…

Indremedisin er eit skikkeleg puslespel som gjer deg til ein suveren sjukepleiar. Akkurat det snart kjem vi tilbake til.

En gruppe kvinner i hvite laboratoriefrakker
Action, gøy og masse nytt

Når du er så heldig å vere sjukepleiar på denne sengeposten får du den herlege moglegheita til å veksle mellom to faggrupper. Ein nydeleg måte å fargeleggje yrket ditt.

Anna, Anne, Silje, Lena og Gunn Helen vil ha fleire kollegaer: Først og fremst veldig variert, og veldig kjekt

 

Du blir skikkeleg god på mysteriet kroppen

– Behandlinga her kan gje ein pasient moglegheit til å leve eit godt liv med sjukdommen dei har, forklarar Gunn Helen.

For alt er ikkje berre rett fram. Medisinsk utgreiing er som å løyse et mysterium. Du må følgje med og sjå kor ein ender. Du lærer å tenke på heile mennesket.

– Det er eit komplekst, men utruleg spennande puslespel. Vi er gode på det, og det blir du også om du jobbar hos oss, lovar Gunn Helen og fortsett. 

– Ikkje alt er enkelt å sjå. Vi må jobbe saman med mange for å hjelpe. Det er det som er spennande med medisin, du lærer noko heile tida. Du blir berre betre og betre til det.

Tenk deg luksusen å ha to faggrupper å veksle på

Begge opplev at dei blir satt stor pris på hos pasientane sine. Og mange av dei blir etter kvart kjente ansikt.

– Gode pasientløp skal skapast når pasienten er her, men også etterpå. Som unge pasientar som skal leve eit aktivt liv med sjukdommen sin. En synst det er kjempetilfredsstillande at dei kan dra herifrå myke betre. 

Når du er så heldig å vere sjukepleiar på denne sengeposten får du den herlege moglegheita til å veksle mellom to faggrupper. Ein nydeleg måte å fargeleggje yrket ditt. Silje forklarar kvifor.

– Tenk å skape fornying i arbeidskvardagen, få auka breiddekompetanse og eit pusterom når den eine pasientgruppa er litt krevjande. Då er det supert å både ha gastro og nyrer på same sengepost.

En person i hvit skjorte
Moglegheit til å leve eit godt liv

– Indremedisin er eit komplekst, men utruleg spennande puslespel. Vi er gode på det, og det blir du også om du jobbar hos oss, lovar fagsjukepleiar Gunn Helen.

Nyrene er fantastiske å jobbe med

Dei fleste har to, nokre har ei og umisselege er dei. For pasientane er jobben du gjer også det.

Nyrene er eit spennande fagfelt og det du gjer er ganske unikt. For ingen andre sengepostar utfører prosedyren peritoneal dialyse (på avdelinga kalla PD). Berre gastro-nyre og nokre sjukepleiarar ved dialysen. Slikt blir også satt stor pris på.

Det veit Anna Tassinello alt om. Ho er erfaren sjukepleiar inn PD. (Du kan lese meir om korleis hos og kollegaene har det på jobb: www… )

– Pasientane kjenner på ein tryggleik ved å komme til ei avdeling som har erfaring, kunnskap og kompetanse på akkurat deira sjukdom. Eg synst det er skikkeleg fint å kjenne pasienten, helse på dei igjen, for dei er ikkje ukjente når de blir innlagt hos oss.

En kvinne som viser noe til en mann
Ein bra sengepost å vere pasient. Ein bra sengepost å jobbe

– Eg synst det er skikkeleg fint å kjenne pasienten, helse på dei igjen, for dei er ikkje ukjente når de blir innlagt hos oss, seier Anna Tassinello.

– Og så har eg knallkjekke kollegaer, godt humør og mykje latter i kvardagen.

Les om ein fenomenal arbeidsplass: Først og fremst veldig variert, og veldig kjekt

 

Gastromedisin og nyre er i vinden og du kan bli med

Er du nyutdanna eller student er dette definitivt staden å starte, meiner funksjonsleiar Silje.

– Det du lærer drar du med deg vidare kor enn du hamnar i yrkeskarrieren. Du blir dyktig i mange prosedyrar,  det er trøkk og aldri monotont.

Er du meir erfaren er det også masse meir å hente. Sjølv jobba ho med noko anna dei første femten åra på sjukehuset.

– Eg er eigentleg anestesisjukepleiar. Så freista det med nye utfordringar. Her får eg vere med å bygge opp eit spennande fagfelt og skape ei fantastisk avdeling.

Då treng ho også ein bra gjeng.

– Heldigvis har eg med meg masse bra, kjekke, dyktige, positive og endringsvillige folk. Å sjå korleis dei tar til seg nye ting er fantastisk. Vi har alle engasjement for faget, vil gjere det bra og få andre til å gjere det bra.

Gunn Helen har lengre fartstid i gastrofaget.

– Eg har jobba innan gastromedisin i 12 år, men lærer nye ting heile tida. Nye behandlingar, nye typar pasientcase, nye problemstillingar. Det er spennande forsking om IBD-pasientar for eksempel. Gastromedisin er i vinden, slår ho fast.

Oppfordringa er klar.

– Eg har lyst at du som toler at det skjer masse og liker å utvikle deg søker jobb hos oss. Dessutan har vi eit kjempebra arbeidsmiljø.

Korleis Anna, Anne og Lena har det på jobb? Det kan dei seie sjølv.

– Først og fremst veldig variert. Og veldig kjekt.

Søk jobb hos oss

Vi er over 4200 kollegaer i Helse Fonna. Sjekk om vi har job til deg også.

Jobb i Helse Fonna
Et par kvinner iført hvite laboratoriefrakker og merker