Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stipend til deg som skal bli bioingeniør

I Helse Fonna gir vi deg ein unik moglegheit for praksis og stipend. På éin gong. Uansett kor langt du er kome i studieløpet.

Kvinner i et rom med datamaskiner

Dette er ikkje berre ein jobb. Det er ein fantastisk start på ei karriere som bioingeniør.

Stipenda er på 25 000 eller 30 000 kroner og vi er klare til å ta i mot deg allereie no. Velkommen til oss, vi gler oss til å ha deg med.

Og, ja, det gjeld både 1., 2. og 3. årsstudentar.

Kva er avtalen?

Det viktigaste vi treng av deg er at du har skikkeleg lyst til å jobbe på laboratoria hos oss saman med dyktige kollegaer som hjelper deg vidare. For å gjere det vel du stipendavtale som er best for deg.

Stipend 25 000

Du binder deg til å jobbe 15 dagar i løpet av skoleåret og minimum seks veker om sommaren i 100 % stilling.

Stipend 30 000

Du binder deg til å jobbe 15 dagar i løpet av skoleåret og minimum sju veker om sommaren i 100 % stilling.

Stipend 50 000, for deg som skal gå 3. året

Skal du starte på siste året eller er i gong har vi eit eige stipend for deg. Frå avtaleinngåing har du to års bindingstid. I bindingstida inngår 1 år som student og 1 år som bioingeniør.

Du må jobbe 15 dagar i løpet av skuleåret og minst seks veker i 100 % stilling i løpet av sommaren. Når autorisasjon føreligg vil du få 100 % fast stilling.

I tillegg til stipend inngår:

  • 2 tur-retur reiser frå studiestad til arbeidsplass, inntil kroner 8 000
  • Husleige dekkast i 6 veker, inntil kroner 15 000

Den vesle skrifta

Dette er vilkåra i avtalen.

  • Utbetaling av stipend fordelast på månadlege ratar frå kontraktinngåing. Ved fråvær tel ikkje helger eller veker med. Det er faktisk utført arbeid i avtaleperioden som tel.
  • Dersom perioden ikkje kan fullførast grunna sjukdom, må dette bekreftast ved legeerklæring for å behalde allereie utbetalt stipend. Det same gjelder dersom perioden ikkje kan fullførast grunna avvikling av svangerskapspermisjon. Ved anna avtalebrot kan arbeidsgivar krevje at heile beløpet tilbakebetalast.
  • Husleige og heimreise utbetalast på grunnlag av reiserekning og utleggsrefusjon som sendast til næraste leiar.
Sist oppdatert 28.10.2024