Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofteprotese

Ved slitasje av leddbrusken kan tiltak vere trening, vektreduksjon eller betennelsesdempande medisinar. Ved uttalt slitasje (artrose) der slike tiltak ikkje har hatt god nok effekt, kan hofteproteseoperasjon vere aktuelt. Både hofteskål og hoftekule blir då erstatta med kunstige deler.

Målet med hofteproteseoperasjon er å lindre smerter og betre funksjon i hofta. Det går ikkje an å erstatte dårleg brusk med ny, så heile leddet må erstattast med protese. Protesa er ein stamme av metall med ei leddkule på toppen. Denne blir forankra i margkanalen i lårbeinet med beinsement, såkalla sementert stamme. Er du under 60 år, får du truleg ein stamme som gror seg fast i lårbeinet - usementert stamme. Koppen som skal stå i hofteskåla er laga av plast og blir festa med beinsement.

Denne informasjonen er ei generell rettleiing. Viss du får andre instruksar på sjukehuset, er det dei du skal følgje.

Trening

På sjukehuset får du hjelp til å komme i gang med øvingar for blodsirkulasjon, muskelkontroll og bevegelse i den opererte hofta. Du skal opp og stå eller gå same dag som du er operert og er på overvåkinga. På sengeposten får du øve deg på å gå med krykker eller rullator og du får hjelp til å trene i trapp før du reiser heim. Du får hjelp av fysioterapeut til å trene. I tillegg er det viktig at du trener og gjer øvingar på eiga hand.

Belastning

Du kan belaste det opererte beinet allereie første dag, men ikkje slik at det gjer vondt. Du skal overhalde smertegrensa di. Prøv å gå så normalt som mogleg. Bruk krykker til du er nøgd med gangfunksjonen og du ikkje haltar.

Sårpleie

Viss bandasjen blir våt, må du ha ny. Du treng ikkje bytte bandasje som er tørr og heil. Stinga får du fjerna hos din fastlege etter 3 veker.

Hjelpemiddel

Det fins fleire hjelpemiddel som kan vere nyttige den første tida, slik at du slepp å bøye for mykje i hofta:

  • Strømpepåtrekkar (du kjøper sjølv eller låner frå din kommune)
  • Langt skohorn (du kjøper sjølv eller låner frå din kommune)
  • Toalettforhøyar (du kjøper sjølv eller låner frå din kommune)
  • Krykker (kan kjøpast på sjukehuset)
  • Piggar (kan kjøpast på sjukehuset)

Bevegelse og styrke

Det er viktig å trene bevegelse og styrke i og rundt hofta etter operasjonen. Målet er god bevegelseskontroll i alle retningar og etter kvar gange utan "vagging". Gå jamlege turar og hald fram med øvingane du lærte på sjukehuset. Ligg flatt på ryggen ein time til dagen, slik at hofta blir strekt godt ut. Ligg gjerne flatt på magen om du kjenner deg trygg på å flytte/snu deg. Viss du ligg/søv på sida, bruk pute mellom beina slik at dei ligg nokonlunde parallelt.

Retningslinjer dei første 3 månadane

Det nye hofteleddet toler ein god del, men dei første 3 månedane skal du følgje desse retningslinene for å auke sjansen for eit godt resultat:

  • Ikkje kryss det opererte beinet over midtlinja (tenk deg ei rett linje som deler kroppen din i to på langs)
  • Ikkje bøy meir enn 90 grader i hofteleddet
  • Du skal ikkje løfte tungt, hoppe eller springe
  • Ikkje vri deg rundt over det opererte beinet når du skal snu deg rundt, men snu deg med små skritt.

Du får innkalling til kontroll med røntgen og fysioterapeut rundt 3 månadar etter operasjonen. Lege/ortoped blir kontakta ved behov.

Ver førebudd på at det kan ta tid (opptil 1 år) før hofta er sterk og stabil etter operasjonen. Ver tolmodig.

Køyre bil sjølv

Du kan køyre bil sjølv når funksjonen i hofta er så god at du har nødvendig kraft og reaksjonsevne. Hugs at du sjølv er ansvarleg for slik vurdering etter Veitrafikkloven. Ver merksam på at du ikkje skal køyre bil viss du har tatt medisin som er merkt med raud trekant.

Sikkerheitskontrollar

Hofteprotesa inneheld metall som kan gi utslag i sikkerheitskontrollar på for eksempel flyplassar. Dette gir sjeldan problem. Sjukehuset leverer ikkje ut bevis på at du har leddprotese. Viss du gir utslag i detektor, vil du bli undersøkt av vaktpersonell uansett.

Øvingar

1. Bøy og strekk i ankel. Du kan sitte eller ligge. Bøy og strekk maksimalt i ankel.

Bildet viser korleis du skal gjere øvinga
 


2. Ryggliggande hælopptrekk. Ligg på ryggen med beina strake og armane ned langs sida. Bøy i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget og opp mot setet.

Bildet viser korleis du skal gjere øvinga


3. Ståande vektoverføring. Plasser ein stol med ryggen mot deg og stå slik at du kan støtte deg til stolryggen. Bøy litt i knea og legg vekta over på det eine beinet. Stå litt slik og før deretter vekta over på det andre beinet.

Bildet viser korleis du skal gjere øvinga


4. Ståande hoftebøy med støtte. Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Løft opp det opererte beinet frå golvet ved å bøye i hofta.

Bildet viser korleis du skal gjere øvinga

5. Ståande bakoverføring av hofte. Stå rett og støtt hendene på ein stolrygg. Stram setemuskulaturen og før beinet bakover. Pass på å halde overkroppen rett under øvinga.

Bildet viser korleis du skal gjere øvinga

7. Knebøy med stol. Stå oppreist foran ein stol. Avstanden mellom føtene skal vere hoftebreidde. Kne og tær skal peike rett fram og armane haldast strake føre kroppen. Gjer ein knebøy slik at du akkurat ikkje sett deg ned på stolen. Returner til utgangsposisjonen.

Bildet viser korleis du skal gjere øvinga

8. Trappegang med krykker. Oppover skal du sette det ikkje-opererte beinet på trinnet og følgje med krykke og operert bein. Nedover skal du sette krykka ned på trinnet først, og deretter følgje med operert bein før ikkje-operert bein.

Sist oppdatert 03.11.2017