Gi blod

Blod kan ikkje lagast kunstig. Vi treng mange blodgivarar for å kunne gi livsviktig behandling i samband med sjukdom, ulukker, kompliserte fødslar og skader. Bare ein halv liter blod kan redde opptil tre liv.

​Dersom du vil bli blodgivar, kan du registrere deg på www.giblod.no eller kontakte ein av blodbankane i Helse Fonna.

Blodbanken i Haugesund

Blodbanken på Stord

Blodbanken i Odda

Karantenereglar knytt til koronavirus

Grunna smittesituasjonen med koronavirus er det innført karantenereglar for blodgivarar. Gå til oppdaterte reglar for blodgiving i pandemien.

Er du fast givar? Hald deg oppdatert på når du kan gi blod

Etter reiser til enkelte land, ved bytte av seksualpartnar, etter flåttbitt og ved andre forhold kan det vere at du må ha eit opphald før du kan gi blod igjen. Sjekk alltid før du kjem til tapping hos oss, så er du sikker på at du faktisk kan bruke timen din. Les om forhold som gjer at du må utsette blodgiving eller ikkje lenger kan vere blodgivar. Spør oss om du er usikker.

Bestille og endre time

Du som er etablert blodgivar i Helse Fonna kan bestille eller endre time på nett. Du må opprette brukar første gong du loggar deg på, og du får tilsendt sms med passord. Passordet kan seinare endrast under "Mine opplysningar".

Ja, eg vil bruke timebestilling på nett

Sist oppdatert 22.05.2023