We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A tree with a building in the background

Valen sjukehus

Vi gir behandling til vaksne i regionen som har behov for psykosebehandling og sikkerhetspsykiatri. For kommunane i Sunnhordland og Hardanger gir vi tilbod innan akuttpsykiatri. Valen sjukehus består av seksjon for spesialisert behandling og har fire sengepostar. Tenestetilbodet omfattar også poliklinikken ambulant sikkerhetsteam. Lærings-og meistringssenteret for psykiatri ligg ved Valen sjukehus. Dei samarbeider med brukarar og deira organisasjonar om kurs og opplæring som skal gjere folk i stand til å leve med og meistre sjukdomen sin.

Kontakt

Telefon:

53 46 64 00
  • Måndag 7:30 AM - 3:00 PM
  • Tysdag 7:30 AM - 3:00 PM
  • Onsdag 7:30 AM - 3:00 PM
  • Torsdag 7:30 AM - 3:00 PM
  • Fredag 7:30 AM - 3:00 PM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Resten av døgnet og helg blir du satt over til sentralbord ved Haugesund sjukehus.

Slik finn du fram

Adresse

Sjukehusvegen 23
Sjukehusvegen 23, 5451 Valen

​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

Praktisk informasjon

Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina er open 11.30-12.30. Måltid blir serverte på postane.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.