We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Brukarutvalet

Brukarutvalet er eit rådgivande utval for administrasjonen og styret i Helse Fonna.

Representantar frå brukerutvalet deltar i ulike utval og prosjekt. Dei gir råd i sentrale spørsmål som gjeld helsetilbodet i området, som til dømes tilgjenge, dimensjonering, ventetider og kvalitetsutvikling.

Saker til brukarutvalet kan komme etter initiativ frå Helse Fonna eller frå det lokale brukarutvalet sjølve.

Brukarutvalet for Helse Fonna er samansatt av representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Utvalet skal bidra til å overføre erfaringsbasert kunnskap frå brukarar tilbake til sjukehusa og dermed medverke til å sikre kvaliteten på tenestene.

Meir om brukarutvalet

Helse Vest samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.

I utvalet sit representantar frå SAFO (Samarbeidsforum for funksjonshemma organisasjonar) og paraplyorganisasjonen FFO. På nettsidene til Helse Vest finn du sakene som det regionale brukarutvalet i Helse Vest behandlar. Sakene er sortert på dato for møta.

Vi vil gjerne ha forslag og innspel frå alle brukargrupper, pasientar og pårørande: 

Brukarutvalet i Helse Fonna 2025 - 2026 

Geir Charles Grindheim
Hilde Elisabeth Warren
Kjersti Vinje
Nils Reiersen
Anne Karin Sørdal
Ole Johan Jensen
Synnøve B. Lindanger
Karl Olaf Sundfør
Mia Therese Pedersen

Vararepresentantar

Liv Eikemo Opdal
Dagny Sandvik Nernes
Martine Minde Gjelstad
Anne Gurine Sætre
Vigdis Jøsang

Sekretær

Kjersti Haugen, telefon: 45293810

 




        Last updated 2/8/2023