We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Helse og arbeid

Er du sjukemeld eller står du i fare for å bli det? Helse og arbeid er ei vidareføring av arbeidsretta behandlingstilbod etter at ordninga "Raskere tilbake" blei lagd om frå 2018. Tilbodet er i hovudsak for personar med psykiske lidingar som angst og depresjon eller muskel- og skjelettlidingar.

Dette er eit tilbod til sjukemelde arbeidstakarar som skal gjere det mogeleg for dei som blir tilvist, å kome lettare tilbake i arbeid. Det er også eit tilbod til arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukemelde, med ei målsetting om å unngå sjukemelding.

Ordninga gjeld no innanfor somatikk, psykisk helsevern og rehabilitering og habilitering.

Kor kan eg få hjelp?

Det finst arbeidsretta tiltak i alle vestlandsfylka, men innhaldet i tiltaka kan variere i dei ulike helseføretaka.​ I Helse Fonna har vi følgande tilbod:

Muskel-, ledd- og skjelettplager

Utgreiing og behandling ved fysikalsk medisinsk poliklinikk, Stord sjukehus.

Rehabilitering

Sjå Helse Vest sine avtalar med private institusjonar.

Psykisk helse

Dei allmennpsykiatriske poliklinikkane ved Haugaland, Stord og Folgefonn DPS har tilbod. Sjå også Helse Vest sine avtalar med private institusjonar.

Korleis går eg fram?

Det er fastlegen din som kan tilvise til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Her vert det gjort ei vurdering om du kan komme raskare tilbake i jobb ved behanding i spesialisthelsetenesta.

For muskel- og skjelettplagar sender legen tilvising til Fysikalsk medisin og rehabilitering ved Stord sjukehus.

Vil du vite meir?

På helsenorge.no finn du meir informasjon om korleis du kan velje behandlingsstad.

Du kan ringe Veiledning for helsenorge.no viss du treng hjelp på telefon 23 32 70 00.

Sjå også Helse i arbeid hos Nav.

Last updated 11/7/2023