We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Utviklingsplan Helse Fonna

Alle helseføretak skal utarbeide utviklingsplanar som skal gje ei framstilling av korleis ein kan skape pasienten si helseteneste gjennom god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar.

Sjukepleiar og pasient. (Foto)


Utviklingsplan 2023-2026 - ved​tatt 14. januar 2022 (PDF)

Utviklingsplanen er helseføretaket sitt øvste strategiske dokument for korleis vi vil utvikle verksemda for å møte framtidig behov for helsetenester. 

Planen skal peike på ønska retning for utvikling av verksemda og kva tiltak som er nødvendige for å møte utfordringar i framtida. 

Gjeldande utviklingsplan for Helse Fonna er for perioden 2019-2022. 

Gjennom styringsdokumentet for 2020 ber Helse Vest om at ny plan blir laga innan utgangen av 2021. 

Planen skal behandlast i styret i Helse Fonna og sendast til Helse Vest for godkjenning. 

Samarbeidspartar i helsefellesskapet, brukarar, tillitsvalde, vernetenesta og fagmiljø vil bli involverte i arbeidet med å revidera utviklingsplanen gjennom eksisterande samarbeidsorgan. 

Planen vil bli formelt drøfta og handsama i arbeidsmiljøutvalet før styrebehandling.

Utviklingsplanen skal utarbeidast i tråd med føringar i Nasjonal helse- og sjukehusplan og Strategi for Helse Vest. Utvikling av tenester til pasientar som treng tilbod frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta skal prioriterast.

Dei fire prioriterte pasientgruppene er 

  • Barn og unge
  • Vaksne med alvorleg psykisk liding og rusproblem
  • Skrøpelege eldre
  • Personar med fleire kroniske lidingar
Last updated 10/1/2024