We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A group of women posing for a photo

Frivilligkorpset

Eit møte med sjukehuset kan vere eit av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit korps av frivillige ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset best mogleg.

Frivilligkorpset i Helse Fonna starta i oktober 2020, og i dag har vi om lag 50 frivillige ved Haugesund sjukehus. På Stord sjukehus er det 25 frivillige. 

Som frivillig kan du gi pasientar og pårørande ei betre oppleving av sjukehusopphaldet.

Våre frivillige skal ikkje erstatte oppgåver og ansvar som ligg til våre tilsette, men vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset. Frivillige har teieplikt.

Du finn oss i resepsjonen og vi kan:

  • hjelpe deg med registrering på skjerm eller mobiltelefon når du kjem, og viser deg korleis du betaler etter timen
  • finne rullestol eller rullator viss du treng det
  • følgje deg til oppmøtestad og viser veg til avdelingar, bygg og stader
  • følge deg til kiosk, apotek, kantine, røykeområde
  • vente saman med deg på venterom
  • prate med dei som ynskjer det
  • svare på enkle spørsmål
  • Bistå med andre ting ved behov.

  • Frivillige er i resepsjonen på sjukehuset

  • Vi går kledd i rød vest tydelig merket at vi er frivillige

Vi søker deg som er imøtekommande og vennleg, kontaktskapande og glad i å møte nye menneske. Du må kunne gi av di tid og ha lyst til å bidra til glede og nytte for andre. Menneske av begge kjønn, i alle aldrar (over 16 år) og med ulik kulturell bakgrunn er ønskeleg. Vi ønsker at du kan snakke norsk.

Som frivillig får du moglegheit til å dele tida di og evnene dine. Når du vel å bruke tida di på dette arbeidet får andre menneske glede og nytte av det du kan bidra med. Det er også mykje nyttig læring i dette oppdraget, både gjennom kurs, god oppfølging og dei møta du får med menneske på sjukehuset. Alle som ønsker det kan få attest for jobben dei gjer som frivillig.

Dersom du har spørsmål eller ønsker å melde deg som frivillig, kan du ta kontakt med frivilligkoordinator Kitty Fremmersvik.

Alle som ønsker å vere frivillig går gjennom ein rekrutteringsprosess:

  • Informasjon: Alle interesserte får informasjon om tenesta.

  • Intervju: Aktuelle kandidatar blir intervjua av frivilligkoordinator og leiar for personal- og organisasjonsavdelinga i Helse Fonna.

  • Samarbeidsavtale: Haugesund sjukehus og den frivillige inngår ein samarbeidsavtale.

  • Dagskurs: Praktisk informasjon om sjukehuset, kultur og verdiar, etikk og kommunikasjon, plikter og rettar overfor pasient.

  • ​Oppfølging: Alle frivillige blir fulgt opp av frivilligkoordinator.

Kitty Fremmersvik er frivilligkoordinator ved Haugesund sjukehus. 

Telefon: 48 27 49 28
E-post: frivillig@helse-fonna.no












Kontakt Frivilligkorpset

Frivilligkorpset på Haugesund sjukehus

Du finn oss i resepsjonen mandag – fredag: kl. 09:00-13:00 og mandag – tirsdag: kl. 15:00-19:00.

Du kan kontakte oss på telefon 47 76 85 84.

Vi følger ferie- og fridagane til skuleruta.  

Du kan også kontakte oss på: frivillig@helse-fonna.no

Frivilligkorpset på Stord sjukehus

Du finn oss i resepsjonen mandag til torsdag fra kl. 10.00-14.00. 

 

Last updated 10/22/2024