Besøkstider
Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.
Før du kjem på besøk må du gjere deg kjent med gjeldande regler:
- Er du smitta av covid-19? Då ber vi om at du ikkje kjem på besøk.
- Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande.
- Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene.
- Du må vere frisk for å kome på besøk.
Unntaket er besøk til alvorleg sjuke og fødande. Vi ber då om at du kontaktar den aktuelle avdelinga på førehand for avtale.
Besøk ved føde/barsel
Blomar
Det er lov med blomar til pasientar ved føden og dei kirurgiske sengepostane, men ikkje ved medisinske sengepostar.
Vi vil legge til rette for besøk/følgje til pasientar i størst mogeleg grad.
Influensasesongen
Smittepresset i samfunnet rundt oss aukar i vintersesongen, men vi har høg vaksinasjonsgrad og gode grunnleggande smittevernrutinar i sjukehusa. Det er derfor mindre behov for eigne, forsterka smitteverntiltak. Dette er i tråd med FHI sine oppdaterte råd til spesialisthelsetenesta.
Last updated 11/19/2024