Habilitering - Syndromer hos barn og unge som påvirker funksjon og utvikling
Det finst eit stort antal syndrom som på forskjellige måtar påverkar utvikling og funksjon hos barn og unge. Dei fleste av desse syndroma er sjeldne. Dersom fastlege, føresette eller andre som kjenner barnet godt, mistenker at eit barn eller ein ungdom har eit syndrom, kan legen tilvise til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Tilvising og vurdering
Barnet eller ungdommen kan også bli tilvist til HABU når det er bekrefta at ho eller han har eit syndrom.
Før
Før du kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet/ungdommen, når det gjeld:
- språk, kommunikasjon og samspel med andre barn og vaksne
- læring og forståing
- bevegelse/motorikk og leik
- dagleglivets aktivitetar – slik som eting, forflytting og påkledning
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Undersøkinga hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.
Barn og unge med sjeldne sjukdommar og syndrom kan også få tilbod om oppfølging av spesialistar ved regionale og/eller nasjonale einingar.
Kontakt
Habilitering
Habilitering
Kontakt Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
- I dag 8:00 AM - 3:00 PM