Habilitering - Spastisitet/økt muskelspenning hos barn og unge
Spastisitet kan førekomme i større og mindre grad ved skadar eller sjukdommar i sentralnervesystemet, for eksempel ved cerebral parese. Spastisitet kan vere plagsamt og smertefullt. Spastisitet kan påverke motorisk funksjon og bevegelegheit i ledd.
Tilvising og vurdering
Som regel er barn og unge med spastisitet tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) av andre årsaker. Viss ikkje, kan ein bli tilvist spesielt for vurdering av spastisitet og aktuelle tiltak retta mot dette.
Før
Før du som pårørande kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- bevegelse og leik
- dagleglivets aktivitetar – slik som forflytting, sitting, eting og påkledning
- søvn
- smerter
- tidlegare sjukdommar
Vi ønsker at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har tekniske og/eller ortopediske hjelpemiddel som er i jamleg bruk, så ta dei med til utgreiinga i HABU.
Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje i løpet av konsultasjonen, og kven de kjem til å møte.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, testar, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Desse kan bli gjennomført av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og lege.
Behandling med Botulinumtoksin
Barn eller ungdom med spastisitet som følge av for eksempel cerebral parese, kan få tilbod om behandling med Botulinumtoksin A dersom denne behandlinga blir vurdert som hensiktsmessig. Botulinumtoksin er eit verkestoff som blir sprøytt inn i utvalde musklar. Toksinet hindrar overføring av signal frå nerveende til muskelfiber og gjer dermed muskelen mindre spastisk. Toksinet verkar i rundt tre månader, og ein kan gjenta behandlinga kvar 3.–5. månad.
Behandlinga skal vere ledd i ein heilskap:
- Det skal vere ei klar målsetting for behandlinga: å betre funksjon, lette forflytting og stell, lette av- og påkledning, betre hygiene eller redusere smerter.
- Det skal det vere eit opplegg for dagleg eigentøying, eventuelt ved hjelp av personell, for å sikre maksimal effekt av behandlinga.
- Dei aller fleste vil også ha regelmessig oppfølging hos lokal fysioterapeut, og mange vil periodevis bruke ortoser.
Eventuelle biverknader oppstår i løpet av dei første dagane etter injeksjonen, og er forbigåande. Ømheit på injeksjonsstaden er den vanlegaste biverknaden, og forbigåande feber og/eller trøyttleiksfølelse kan førekomme.
Behandling med Baclofen
Barn og unge med spastisitet kan også ha nytte av behandling med ein medisin som heiter Baclofen, og som har ein generell verknad på stiv og stram muskulatur. Denne kan bli gitt enten som tablettar eller som væske gitt gjennom ei pumpe som blir lagt inn under huda med ein tilførselsslange inn i ryggmargskanalen. Slik behandling med tablettar kan bli gitt i HABU. For å få behandling med ein slange til ryggmargskanalen må barnet bli tilvist til ei spesialisert sjukehusavdeling.
Barn og unge med spastisitet kan også få råd, rettleiing og opplæring med tanke på tilrettelagt trening og fysioterapi som kan verke dempande på plagene.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar og behandling i andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for vidare tilvising.
Etter
Som føresette vil dere få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Vi vil lage ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.
Kontakt
Habilitering
Habilitering
Kontakt Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
- I dag 8:00 AM - 3:00 PM