Habilitering - Kommunikasjons- og språkvansker hos barn og unge med funksjonsnedsettelse
Når eit barn med funksjonsnedsetting ikkje utviklar språk og kommunikasjon slik det er forventa, og det vekker bekymring hos føresette, fastlegen eller andre som kjenner barnet godt frå for eksempel barnehage eller skule, kan barnet bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Før
Før du kjem til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- språk og uttrykksformer, slik som mimikk og gestar
- leik og samhandling med andre barn og vaksne
- bevegelse/motorikk og dagleglivets aktivitetar – for eksempel eting
- tidlegare sjukdommar
Høyrselen til barnet eller ungdommen bør vere undersøkt av spesialist før utgreiing i HABU.
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.
Kontakt
Habilitering
Habilitering
Kontakt Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
- I dag 8:00 AM - 3:00 PM