Habilitering - Spise og ernæringsvansker hos voksne med funksjonsnedsettelse
Vanskar med omsyn til munnmotorikk, inntak av mat, mattoleranse, matlyst og/eller vekt, kan førekomme hos vaksne med funksjonsnedsetting i ulik grad. Årsakene kan vere fleire og samansette. Om ein vaksen med funksjonsnedsetting har så komplekse og omfattande ete- og ernæringsvanskar at det er behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta, kan det tilvisast til habiliteringstenesta for vaksne.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som tilviser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.
Før
Før du møter til utgreiing hos oss, ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld
- eting og gjennomføring av måltid
- munnmotorikk
- kommunikasjon (som blikkontakt, talespråk, mimikk)
- samhandling
- matvanar
- fysisk aktivitet
- høgde og vekt
Informasjon om utviklingshistoria di er viktig for utgreiinga. Vi vil derfor at ein som kjenner deg godt, blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Dersom du har hjelpemiddel som er i jamleg bruk, ta dei med deg. Eksempel er hjelpemiddel til forflytting eller kommunikasjon.
Under
Møte med HAVO kan skje på sjukehuset, i kommunen din eller heime hos deg.
Møtet startar med at vi gir deg informasjon om kva som skal skje og kven du møter. Som regel vil du møte fagpersonar med ulik bakgrunn.
Utgreiinga er sett saman av samtalar, observasjonar og undersøkingar. Heile eller delar av utgreiinga kan bli gjennomførte der du bur.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Etter
Du får informasjon om resultata av utgreiinga.
Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO, står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har tilvist deg til utgreiinga.
Kontakt
Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
- I dag 8:00 AM - 3:00 PM