Habilitering - Kommunikasjons- og språkvansker hos voksne med funksjonsnedsettelse
Vaksne med ulike medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar kan ha vanskar med språk og kommunikasjon. Dersom vanskane på dette området er så omfattande at det er behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta, kan det visast til habiliteringstenesta for vaksne.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som tilviser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.
Før
Før du møter til utgreiing hos oss ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld
- språk og uttrykksformer (som mimikk og gestar)
- leik og samhandling
- rørsle/motorikk og aktivitetane til dagleglivet (for eksempel eting)
Høyrselen din bør vere undersøkt av spesialist før utgreiing i HAVO. Er du usikker på om du har gjort det, ta det opp med fastlegen din.
Informasjon om utviklingshistoria di er viktig for utgreiinga. Vi vil derfor at ein som kjenner deg godt, blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Dersom du har kommunikasjonshjelpemiddel, ta dei med deg til avtalen.
Under
Møte med HAVO kan vere på sjukehuset, i kommunen din eller heime hos deg.
Møtet startar med at vi gir deg informasjon om kva som skal skje og kven du møter. Som regel vil du møte fagpersonar med ulik bakgrunn.
Utgreiinga er sett saman av samtalar, testar, observasjonar og undersøkingar.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Etter
Du får informasjon om resultata av utgreiinga.
Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO, står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har vist deg til utgreiinga.
Kontakt
Habilitering
Oppmøtestad
Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
- I dag STENGT