Habilitering - Ervervet hjerneskade hos voksne
Dersom skaden oppstod før 18-års alderen og vanskane etter skaden er så omfattande at det er behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta, kan det tilvisast til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO).
Erverva hjerneskade kan ha ulike årsaker, som for eksempel ei ulykke eller sjukdom i hjernen. Ein erverva skade betyr at det har vore normal utvikling fram til skaden oppstod. Det er stor variasjon i følga av ein hjerneskade, avhengig av alder da skaden oppstod, omfanget av skaden og kva delar av hjernen som er ramma.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som tilviser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.
Før
Før du møter til utgreiing hos oss ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld
- språk, kommunikasjon og samhandling
- minne, merksemd, «trøyttbarheit» og evne til læring
- rørsle/motorikk
- aktivitetane til dagleglivet – som flytting, å ete og kle på deg
- smerte, «trøyttbarheit» og søvn
- skole, arbeid og fritid
Informasjon om utviklingshistoria di er viktig for utgreiinga. Vi vil derfor at ein som kjenner deg godt blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Dersom du har hjelpemiddel, ta desse med deg. Eksempel er hjelpemiddel til flytting eller kommunikasjon.
Det kan bli ulike undersøkingar. Ta derfor med shorts og korterma genser.
Under
Møte med HAVO kan skje på sjukehuset, i kommunen din eller heime hos deg.
Møtet startar med at vi gir deg informasjon om kva som skal skje og kven du møter. Som regel vil du møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og sosionom.
Utgreiinga er sett saman av samtalar, testar, observasjonar og undersøkingar. Heile eller delar av utgreiinga kan bli gjennomførte der du bur.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Etter
Du får informasjon om resultata av utgreiinga.
Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har vist deg til utgreiinga.
Kontakt
Habilitering
Oppmøtestad
Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
- I dag STENGT