Habilitering - Autismespekterforstyrrelse hos førskolebarn
Early Intensive Behavioral Intervention (EIBI) er ei behandlingsform for barn med autismespekterforstyrring (ASF) der vi arbeider med utvikling av språk, evne til læring, kvardagsferdigheiter, leik og samspel med andre barn og vaksne. EIBI har god effekt for ei stor gruppe av førskulebarn (eitt til seks år) med autismespekterforstyrring.
Tilvising og vurdering
Behandlingsprogrammet må vere anbefalt for barnet av spesialist på fagområdet. Det må også vere etablert eit samarbeid mellom føresette, habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) eller anna avdeling i spesialisthelsetenesta og kommunale samarbeidspartnarar, for eksempel PPT og barnehage.
Før
Før barnet og føresette får tilbod om oppfølging i form av EIBI, er det vanlegvis slått fast, etter ei diagnostisk utgreiing hos spesialist, at barnet har ein diagnose innanfor autismespekteret.
Under
Behandlinga føreset involvering av føresette, PPT, barnehage og skule med rettleiing av spesialisert personale i HABU eller annan avdeling ved sjukehuset. Vi held tilrettelagte kurs og gir regelmessig oppfølging, rettleiing og evalueringar i den perioden som blir oppgitt ved oppstart.
Fagprosedyre
Etter
Vi evaluerer og utarbeidar ein sluttrapport som beskriv arbeidet som er gjort, og resultata som er oppnådd. Vi anbefaler også kva slags oppfølging barnet bør få vidare.
Kontakt
Habilitering
Oppmøtestad
Helse Fonna
Vi held til i Berg-bygget i Haugesund
- I dag 8:00 AM - 3:00 PM