We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A doctor examining a patient

Øre-nese-hals

Vi tilbyr utgreiing og behandling av dei fleste vanlege sjukdomar og tilstandar innan øyre-nase-hals-faget. Vi har poliklinikk, operasjonsavdeling og høyresentral. Vi er opptatt av kvalitet og pasienttryggleik og at du som pasient og pårørande skal føle deg godt i varetatt hos oss.

Vi utfører operasjonar som fjerning av mandlar og polyppar, innsetting av ventilasjonsrøyr i øyra, lapping av hol i trommehinna, retting av skjeiv nase, biholeoperasjonar, blautdelsoperasjonar og tannbehandling som krev narkose.

Vi har utgreiing av hode/hals-kreft og noko oppfølging, men sjølve behandlinga skjer ved Haukeland universitetssjukehus.

Ved høyresentralen jobbar audiografar og legar som driv med utgreiing av høyrsle, og vi bestiller, tilpassar og har oppfølging av høyreapparat. Vi har jamlege kurs for pasientar og pårørande om tinnitus/øyresus.

I samarbeid med Odda sjukehus tilbyr vi utgreiing og behandling av søvnapné, som du kan lese meir om under Søvnpoliklinikken. Vi har også utgreiing og behandling for allergi. 

Nedst på sida finn du pasientinformasjon om fleire undersøkingar og behandlingar vi tilbyr.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 7:30 AM - 3:30 PM
  • Tysdag 7:30 AM - 3:30 PM
  • Onsdag 7:30 AM - 3:30 PM
  • Torsdag 7:30 AM - 3:30 PM
  • Fredag 7:30 AM - 3:30 PM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

A high angle view of a building

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​