Svar på prøvar
Prøvesvar blir sendt frå laboratoriet til rekvirenten. Det er behandlande lege som informerer pasienten om prøvesvar.
Laboratoriet har dessverre vanlegvis ikkje moglegheit til å formidle prøvesvar direkte til deg.
I enkelte tilfelle er avdelinga lovpålagt å rapportere prøvesvar vidare til nasjonale meldeordningar som Meldingssystem for smittsame sjukdommar, MSIS og Kreftregisteret.
Last updated 10/1/2024