Våre rutinar
Vi har etablert eigne prosedyrar for rekvirering, prøvetaking, handtering og rapportering av prøvar i vår eHandbok.
Rekvirering
Prøvetaking
- Identifisering av pasienter ved blodprøvetaking
- Venøs blodprøvetaking, avdeling for Laboratoriemedisin
- Merking av prøverør
- Kriterier for avvisning av prøve/rekvisisjon
Prøvehandtering
T02 Rekkefølge og sentrifugering av prøverør til venøs blodprøvetaking i PHT
For øvrig informasjon knytt til prøvetaking og -handtering visar vi til laboratoriehåndboka.
Henteordning for prøvar
Laboratoria ved Haugesund, Odda, og Stord sjukehus har ei fast ordning med henting av prøvar frå legekontor i distriktet. Hentinga skjer måndag til fredag etter bestemte ruter og tidspunkt.
Prøvane blir transporterte ståande i kassettar i eigna transportbagar. Dette sikrar temperaturstabil og trygg transport til laboratoriet. Vi transporterer også brev mellom legekontora og sjukehuset
Sending av prøvar per post
Rekvirentar som ikkje kan nytte henteordninga, må sende prøvar med post. På bakgrunn av krav frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB, må slike sendingar vere merka med UN3373, biologisk stoff, kategori B, Veileder for forsendelse av smittefarlig biologisk materiale
Prøvane må leverast på eit postkontor/post i butikk, ikkje leggast i utandørs postkasse.
Alle prøvar må ligge i transporthylser for å beskytte dei under sending.
Konvoluttar og transporthylser for sending kan bestillast frå Lab Helse Fonna - Bestill Prøvetakingsutstyr (helse-fonna.no)
Rapportering av prøvesvar
Prøvesvar blir rapportert elektronisk til rekvirenten eller det blir sendt papirutskrift for rekvirentar som ikkje har elektronisk meldingsutveksling.
Dersom ein ønsker å ha elektronisk samhandling med Helse Vest, må ein kontakt Helse Vest IKT