We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Avdelinga og laboratoria

Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna har totalt seks laboratorium, fire laboratorium på Haugesund sjukehus, eit laboratorium på Odda sjukehus og eit laboratorium på Stord sjukehus.

Våre tenester

Vi tilbyr eit breitt spekter av analyser/undersøkingar innan: 

  • medisinsk biokjemi
  • immunologi og transfusjonsmedisin
  • medisinsk mikrobiologi
  • patologi

I tillegg til analytisk verksemd tilbyr laboratoria rådgiving for bruk av analysar og tolking av analysesvar i vår laboratoriehandbok. Ein kan også kontakte medisinsk ansvarlege overlegar for rådgiving. 

Vi skal bidra til å sikre at pasientar i Helse Fonna og primærhelsetenesta i vårt nedslagsfelt får god medisinsk service innan diagnostikk og behandling.

Våre fagområde

Immunologi er utgreiing av autoimmune sjukdommar. Laboratoriet er ved Haugesund sjukehus.  

Transfusjonsmedisin, betre kjent som blodbanken, har ansvar for å oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blod og blodprodukt til pasientar i og utanfor sjukehuset. 

Vi har også ansvar for fagleg forsvarleg val av blodprodukt til alle pasientgrupper. Blodprodukta vi produserer blir brukt i heile Helse Fonna.

Transfusjonsmedisin finn du på Haugesund, Stord og Odda sjukehus. I tillegg har vi ein tappestasjon for blodgivarar i Sauda. 

Medisinsk biokjemi, laboratoriet Stord og laboratoriet Odda leverer tenester til rekvirentar i og utanfor sjukehus.

Vi utfører prøvetaking, prøvebehandling, analysering på ulike fagområder, og tolker og rapporterer resultata.

Medisinsk ansvarleg har i tillegg rådgjeving til rekvirentar.

Laboratoriet Stord og laboratoriet Odda har også blodbankvirksomhet. 

Medisinsk mikrobiologi yter mikrobiologisk service til Haugesund, Odda og Stord sjukehus, og til Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Medisinsk mikrobiologi undersøker diverse prøvemateriale med bakteriologiske og molekylærbiologiske metodar, og bidreg til å diagnostisere, behandle og gi medisinsk fagleg råd til våre rekvirentar.  

Ved Patologi blir organ, vev og celler undersøkt.

Ulike metodar blir nytta for å studere eventuelle celle-, protein- eller genforandringar i organ og kreftsvulstar.

Prøvane blir undersøkt i detalj for å gi informasjon om diagnose, prognose og behandlingsalternativ.

Patologi i Helse Fonna held til i Haugesund og leverer tenestar til rekvirentar i og utanfor sjukehuset.

Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus) er en ideell, landsdekkande organisasjon som samarbeider med de lokale helseføretaka. Noklus arbeider for å betre kvaliteten ved den medisinske laboratorievirksomheten i Norge. 

Noklus-kontoret ved Haugesund sjukehus gir råd og rettleiing til helsepersonell som utfører laboratoriearbeid utanfor sjukehusa i Helse Fonna. 

Kontakt og organisering

Laboratoria

Avdelingsleiar er Rita D. Tyse, telefon 48 22 74 03.

Laboratoria i Haugesund:

  • Immunologi transfusjonsmedisin, telefon 52 73 22 80
  • Medisinsk biokjemi, telefon 52 73 22 10
  • Medisinsk mikrobiologi, telefon 52 73 22 20
  • Patologi, telefon 48 11 85 19

Laboratoriet Stord, telefon 53 49 10 90
Laboratoriet Odda, telefon 53 65 11 23

Medisinsk rådgiving

Avdelingsoverlege Immunologi og transfusjonsmedisin, telefon 41 86 37 30
Avdelingsoverlege Medisinsk biokjemi, telefon 52 73 22 23
Avdelingsoverlege Medisinsk mikrobiologi, telefon 91 57 24 00
Overlege Medisinsk mikrobiologi, telefon 91 57 46 60
Avdelingsoverlege Patologi, telefon 47 70 19 56

 

Last updated 10/1/2024