We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Tilvising

For deg som skal tilvise til Habiliteringsavedelinga.

Tilvising til Habilitering barn og unge og Habilitering vaksne må kome frå lege eller spesialisthelsetenesta.

Sjå også Henvisning-til-spesialist-bokmal.pdf (helsedirektoratet.no) 

Kva skal med i tilvisinga?

Tilvising må gi ein klar omtale av kva for utgreiinar og tiltak som er gjort, og spesifisere kva hjelp som er ønskjeleg.

Tilvisingsgrunn må vere så tydeleg og spesifikk som mogleg.

Tilvisingar som er samordna i kommunen og godt dokumenterte gjer at vi kan yte eit best mogleg tilbod.

Kven kan tilvise?

Tilvisinga må settast fram gjennom pasientens fastlege og skal skje i samråd med foreldre/verje/pasienten.

Når barn er under 16 år er det påkravd med samtykke frå foreldre til å tilvise.

Dersom tilvisinga gjeld tenester etter krava i Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, kan den overordna fagleg ansvarlege for vedtak i kommunen sende tilvising til habiliteringstenesta.

Ofte er det likevel formålstenleg at fastlege er involvert, for å sikre at moglege helseproblem blir utgreia.

Ved tilvisingar som gjeld Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 krev vi ikkje samtykke.

Vurdering av tilvising

Eit inntaksteam vurderer alle tilvisingar. I medhald av Lov om pasientrettighetiter § 2-2 vil tilvisinga bli vurdert innan fristen.

Dersom tilvisinga er mangelfull vil inntaksteamet spørje om ytterlegare informasjon.

Når tilvisinga er akseptert får saka prioritet etter gjeldande retningslinjer. Når ei tilvising blir avslått er det med eit grunngjeve avslag.

Inntaksteam gir den som er tilvist skriftleg informasjon om inntak elleravslag, med kopi til den som har sendt tilvisinga.

Sjå også

Velg behandlingssted - Helsenorge

Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten - Helsedirektoratet

Habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten - Helsedirektoratet

Last updated 10/14/2024