We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A close-up of a computer

Psykisk helsevern, Haugesund

Spesialisert behandling innan psykisk helsevern held til på Haugesund sjukehus. Saman med Valen sjukehus tilbyr vi spesialisert psykisk helsevern for vaksne i vår region.

Klinikk for psykisk helsevern har funksjonsfordelt det spesialiserte sjukehustilbodet innan psykisk helsevern for den vaksne befolkninga.

I Helse Fonna har vi to avdelingar, avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus og avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus. Begge avdelingane har ulike tilbod for vaksne over 18 år og eldre i heile Helse-Fonna regionen. Avdelingane har kvar sin akuttpsykiatriske post med lokalt opptaksområde, Valen for befolkninga i Sunnhordland, Kvinnherad og Hardanger, og Haugesund for befolkninga på Haugalandet.

Individuelt tilpassa behandling

Psykiske lidingar rammer frå tid til annan nesten alle familiar.  Vi har som mål å kome tidleg til med eit heilhetleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for pasientar, og bruker oppdatert og forskningsbasert kunnskap i behandlingstilbodet.

Vi ønskjer å gi pasientar sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med pasienten lagar vi ein individuelt tilpassa behandlingsplan for å oppnå dette målet.

Besøkstider

Ta kontakt med aktuell døgnpost for å avtale besøk.

Avbestilling polikliniske timar

Avbestilling av polikliniske timar må gjerast innan 24 timar før timeavtalen, elles kjem det gebyr på kr. 402,-

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

Checkware - send digitale skjema til oss

I Helse Fonna nyttar vi eit system som heiter Checkware. Dette er ei digital løysing der pasientar sjølv kan registrere data sjukehuset treng - før, under, eller etter eit behandlingsforløp.

Checkware - Helse Fonna HF

Kontakt

Telefon

  • Måndag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Tysdag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Onsdag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Torsdag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Fredag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Forløpskoordinator: 476 59 934

Postadresse

Helse Fonna
Avdeling psykisk helsevern, Haugesund sjukehus
Postboks 2052
5504 Haugesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.

Biologiske behandlingsformer (BBF) held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

A high angle view of a building

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund